Hopp til innhold

Fryktar storflaum viss vêret snur

Mykje mildvêr og regn kan føre til femårsflaum, fryktar NVE.

flaumkart2

FLAUMSONEKART: Om det blir femårsflaum, er desse stadene i Sogn og Fjordane mest utsett. Kjelde: NVE

– Alt kan skje viss vêret endrar seg. Akkurat no vil eg sei det er 40–50 prosent sjanse for at årets vårflaum kan overskride det ein kallar femårsflaum, seier vakthavande hydrolog ved NVE, Knut Olav Aamodt.

Faren ligg i dei øvre elvetilløpa i fjellet.

Det er unormalt mykje snø i fjellet i Sogn og Fjordane i vår. Risikoen er difor større enn tidlegare for storflaum, om det kjem store nedbørsmengder og det blir høge temperaturar.

Det er førebels ikkje sendt ut flaumvarsel sidan det neste tidagarsvarselet er forholdsvis kjølig og med lite nedbør.

Faren er ved spesielle vassdrag som drenerer fjellområda. Ute ved kysten er det normale tilhøve.

Frå 24 til 192 millionar i flaummidlar - NRK – Sogn og Fjordane

Mykje flaumsikring

– Store snømengder aukar ikkje automatisk flaumfaren. Mykje nedbør og mildvêr må kome på ei gong om det skal det bli flaum, seier flaumvarslinga ved Noregs vassdrags- og engergidirektorat.

Kommunane har saman med NVE sikra mange av vassdraga mot flaum. Ja, nokre område er sikra heilt opp mot 200 årsflaum.

– Samstundes er flaumsikring nok som det stadig blir arbeida med, og som alltid er under utvikling, seier Aamodt.

flaumsikringskart

BUR SEG PÅ FLAUM: Kart over flaumsikringane i Sogn og Fjordane. Kjelde: NVE