Hopp til innhold

Fryktar auken i småkraftverk vil gi store miljøskadar

Skattereglar og uvisse i energibransjen fører til at det er færre som tør å satse på dei store kraftverka. Det vil føre til store miljøskadar, meiner mange.

Kraftverk

FRYKTAR STORE MILJØSKADER: Eiriksdal kraftverk i Høyanger er eit av mange kraftverk i fylket, og i løpet av dei neste fem åra kan det bli svært mange fleire. Det kan føre til fleire miljøskader, meiner fleire.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Dei neste fem åra skal Norge bygge ut store mengder fornybar energi for å kunne forsyne EU, som har eit mål om at 20 prosent av energien skal kome frå fornybare kjelder i 2020. Resultatet er at fleire hundre små vasskraftverk må byggast i Norge.

Det vil gi store langt større miljøskadar enn ved å byggje få store, meiner mange. Problemet er at mange små vasskraftverk betyr at langt fleire dalar og langt fleire elver som blir råka enn dersom vi hadde bygd få og store.

– Langt større miljøkonsekvensar

I 2012 sa Janne Sollie i Direktoratet for naturforvaltning at det gav større totalbelastning ved å byggje mange små, enn ved å byggje nokre få store med same produksjon..

Ein rapport frå Multiconsult gjekk så langt som å seie at miljøkonsekvensane kunne vere fem gonger større ved å byggje småkraftverk enn ved å byggje færre store. Konsesjonsdirektøren i NVE, Rune Flatby, meiner også at store kraftverk er betre.

– For oss er det viktig å få fram kraftproduksjon som er regulerbar og som har magasin, altså dei store kraftanlegga, for det er veldig viktig for kraftsystemet. Så det er ein fordel på mange måtar å få fram store kraftverk, seier han.

EU-direktiv skapar uvisse

Det er fleire grunnar til at det blir bygd så få store kraftverk i dag. Ein av grunnane er vassdirektivet, som blei innført i 2009. Det er eit EU-direktiv som har som mål å sikre miljøtilstanden i vassdraga.

Olav Osvoll

SKAPAR UVISSE: Vassdirektivet gjer at kraftbransjen kjenner seg utrygge på å satse stort, seier Olav Osvoll i Sunnfjord Energi.

Gjennom vassdirektivet kan myndigheitene med jamne mellomrom bestemme om tilstanden i elvane og vassdraga er bra nok.

Som verkemiddel kan styresmaktene krevje at allereie eksisterande vasskraftverk må byrje å produsere mindre straum, slik at det blir meir vatn i elvane. Det verkemiddelet fører til dårleg tryggleik for kraftutbyggjar.

– Det skapar ei uvisse. Å byggje eit kraftanlegg er ei veldig langsiktig investering. Vi tenker i alle fall i 50–100 års perspektiv når vi gjer det. For kraftbransjen har det heile tida vore viktig å ha førespeglande rammer, slik at du torer å ta desse store investeringane, seier Olav Osvoll, produksjonssjef i Sunnfjord Energi.

Vil unngå grunnrenteskatt

Og han får støtte av fleire. For ein annan grunn til at mange byggjer smått, er skattereglane. Småkraftverk som produserer over fem megawatt, altså nok straum til kring 1000 hushaldningar, må dei betale ein ekstraskatt på heile 30 prosent. Denne heiter grunnrenteskatten, og er ein særeigen skatt for kraftbransjen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eiriksdal kraftverk

BLIR MANGE: Det kome så mange som 200 nye små kraftverk i Sogn og Fjordane dei neste fem åra.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

For kraftutbyggjaren Småkraft AS fører den til at dei ikkje bygger eit einaste kraftverk som er større fem megawatt.

– Slik reglane er i dag så går lønnsemda kraftig ned når vi må betale grunnrenteskatt, og det betyr at det skal veldig mykje til for at vi byggjer over den skattegrensa som er i dag, seier direktør Rein Husebø.

Mange vassdrag er verna

At mange av vassdraga som passar for storskala kraftutbygging er verna, er også ein grunn til å byggje smått.

Terje Lien Aasland

SMÅTT KAN VERE BRA: Det meiner Terje Aasland (Ap) i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Det treng ikkje å vere ein dum ting, seier Terje Aasland (Ap), nestleiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

– Det er klart at det er diskusjon kring nesten kvar ei utbygging, og eg kan ikkje ta stilling til enkelte prosjekt, men eg trur at det å utnytte småkraft er ein god moglegheit for Norge, seier han.

– Det gir inntekter til mange, og det gir moglegheiter til verdiskaping. Men det må gjerast på ein måte som skånar naturen på ein best mogleg måten. Akkurat no synest eg at, når det gjeld vasskraftsystemet, så utløyser dei støtteordningane og det systemet vi har i dag i utgangspunktet gode investeringar, seier Aasland.