Hopp til innhold

Fryktar søndagsopnebutikkar vil råke distrikta

Regjeringa sitt forslag om å la alle butikkar halde ope på søndagar fell ikkje berre i god jord. Kristeleg Folkeparti håpar å få med seg Venstre og sikre fleirtal mot forslaget.

Trude Brosvik og Geir Espe

NEGATIVE: Fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik, trur regjeringa sitt forslag vil få negative følgjer, spesielt i distrikta. Geir Espe i Coop vest deler frykta for distriktsbutikkane.

Foto: Montasje: NRK

– Folk treng og ynskjer seg ein annleis dag, der ein kan gå i kyrkja eller vere med familien, seier fylkesleiar i Kristeleg Folkeparti, Trude Brosvik.

Fredag la regjeringa fram forslag om at dei butikkane som vil kan få halde ope søndagar. Forslaget kan få støtte frå eit av samarbeidspartia til regjeringa, Venstre. Samarbeidspartnar nummer to, KrF, er ikkje samd i argumentasjonen. Brosvik ser få positive konsekvensar av liberaliseringar, og meiner ulempene står i kø.

– Det blir også press mot nær- og småbutikkane. Fleire folk vil reise til større stader der det er søndagsope for å gjere storhandel, trur ho.

Trur prisane vil gå opp

Heller ikkje handelsstanden i fylket er over seg av begeistring for forslaget. Administrerande direktør i Coop Vest, Geir Espe, som er ansvarleg for 70 butikkar på Vestlandet, deler Brosvik si frykt for bygdebutikkane si framtid. Han trur dessutan at prisane kan gå opp.

– Det er enkel matte. Det blir auka kostnadar og vi må då få inn auke i omsetnaden eller på andre måtar få inn pengar, som kan bety høgare pris på vara, seier Espe.

Forslaget som Høgre og Framstegspartiet la fram fredag let butikkane sjølve avgjere om ein vil halde ope søndag eller ikkje. At det i realiteten blir eit frivillig val trur Espe lite på.

– Det er sterk konkurranse, og om ein eller fleire gjer dette, så er det klart at vi også må vere med på utviklinga.

Råkar dei tilsette

NRK snakka også med fleire folk på butikkane i Førde fredag. Heller ikkje der var det mange som hadde mykje positivt å seie om forslaget.

– Ein må tenkje på dei som arbeider der. Kona mi jobbar i butikk, og eg vil gjerne ha ho heime søndagane, seier Gunnar Balsnes.

Også Kristeleg Folkeparti har dei tilsette i tankane når dei flaggar si usemje.

– Det er andre som jobbar søndagar, men vi treng ikkje overføre det til jobbar som ikkje er livsviktige, seier Brosvik.

I Coop trur sjefen ikkje hans tilsette er interesserte i å miste den einaste faste fridagen i veka. Og kundane i Førde har klare forslag til kva folk heller kan gjere enn å handle på søndagar.

– Eg syns søndagen skal vere fri for handling. Tradisjonen i Noreg er å gå på tur, så av omsyn til kundar og tilsette bør det vere ein fridag i veka, seier Liv Åbrekk Glasø.