Hopp til innhold

Fryktar Sogndal utan fylkesspelarar

Fotballaget Sogndal kan bli eit lag utan spelarar frå fylket, seier trenar Eirik Bakke til Sogn Avis. Bakke har tidlegare sagt at noko slikt var utenkjeleg, men i dei to siste seriekampane har laget hatt éin spelar frå fylket, Rune Bolseth, frå start. Bakke seier spelarar frå fylket ikkje er gode nok og ikkje vil nok, og at dei blir dulla med i klubbane. Jan Tore Jåstad i fotballkrinsen er samd i at det er eit problem at det blir stilt for like krav til mange fotballspelarar, men han trur likevel det vil komme fleire toppspelarar frå fylket i framtida.

Eirik Bakke
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK