Hopp til innhold

Fryktar Sogn taper

Sogn kan tape kampen om statlege arbeidsplassar mot Sunnfjord sidan sogningane ikkje greidde å bli samde om ein storkommune. Det sa leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Hilmar Høl frå Årdal, under Fylkestinget i Loen i går. Forhandlingane om ei samanslåing av seks kommunar i midtre og indre Sogn havarerte i vinter. – Sogn er i grunn veldig vitalt og stort distrikt med industriarbeidsplassar, reiseliv og offentlege næringar. I ein storkommune kunne vi kjempa i lag og fått eit politisk tyngdemiljø som kunne kjempa meir i lag enn ein gjer i dag.