Hopp til innhold

Fryktar jordbruksskulen rotnar på rot

Forfallet på Sogn jord- og hagebruksskule er for stort til at fylkeskommunen taklar opprustningsbehovet.

Sogn jord- og hagebruksskule
Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

- Eg meinar situasjonen er svært alvorleg fordi skulen lenge har vore underfinansiert over lang tid. Utfordringane er store både på investeringssida og på utstyrssida. Viss den ikkje får ei monaleg opprusting, vil den ikkje vera tilfredsstillande som skule, seier Arne Hovland, leiar i hovudutvalet for opplæring i fylket.

Store investeringar

Fylkestinget ber om statlege midlar til å modernisera Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland, samt pengar til drift på Vg1-nivå.

- Det er heilt avgjerande at Staten kjem inn med dei nødvendige investeringane. Dei må og koma med midlar til drift både på Vg1- og Vg2-nivå. Investeringane må vera store nok til at me kan seia dette er ei landslinje, og ikkje to linjer som berre vert delvis statleg finansierte, seier Hovland.

Berre på investeringssida må fylkeskommunen ut med 7-10 millionar årleg om ikkje Staten løyver midlar. Fylkestinget spelte ballen til stortingsbenken sist fredag, men har ikkje fått svar enno.

Har eit håp

- Så lenge me ikkje har fått eit klart nei, håpar eg me kan få Staten med på dette. Signala me har fått om at økologisk landbruk er viktig for Staten, seier Hovland.

- Viss de ikkje får Staten med, rotnar denne skulen då på rot?

- Det er eg redd for,. Med dei utfordringane me har i Sogn og Fjordane dei neste ti åra, ser ikkje eg at fylkeskommunen aleine kan oppretthalda, investera og drifta denne skulen.