Hopp til innhold

Fryktar sentralisering når vegvesenet omstrukturerer

Når Statens vegvesen skal gå frå fem regionar til seks divisjonar, står mange hundre arbeidsplassar i fare. – No endrar dei maktforholda, og vi frå distrikta må passe på, seier Liv Signe Navarsete.

Liv Signe Navarsete i debatt

MISTAR MAKT: Liv Signe Navarsete (Sp) meiner distrikta mistar makt når vegvesenet skal omstrukturere seg.

Foto: NRK

Tysdag kom tilrådinga for korleis Statens vegvesen skal organiserast i framtida.

1650 årsverk blir råka av omorganiseringa. 400 årsverk skal overførast til Vestland og Rogaland fylkeskommunar.

No fryktar fleire sentralisering, som følge av omstruktureringa. Ei av dei er Liv Signe Navarsete (Sp).

– Dette kjem til å splitte fagmiljøa, og vil heilt klart svekke distrikta. Det er store sjansar for at det ikkje lenger blir avdelingar på stader som Leikanger og Bodø, seier ho.

Mistar makt og kompetanse

Navarsete er uroa for at distrikta mister moglegheita til å ta avgjerder.

– Uansett korleis ein snur på det, blir vegvesenet sentralisert. Det er eg skeptisk til, seier ho.

I Leikanger har vegvesenet hatt regionkontor i kring førti i år, med rundt 200 tilsette. Ordførar Jon Håkon Odd (Ap) er uroa for kommunen.

Jon Håkon Odd

UROA: Leikanger-ordførar Jon Håkon Odd (Ap) er uroa for kommunen.

Foto: Noralv Pedersen/NRK

– Arbeidsplassane har stor verdi og er viktige for kommunane i Sogn. Like viktig er det sterke fagmiljøet vi har her, seier han.

Odd peikar på arbeidsplassane som allereie er blitt hardt råka av regionreformen. Mange NAV-arbeidsplassar er flytta til Bergen og fleire står i kø.

– Det skjer veldig mange prosessar no som gjer at det er stor grunn til å vere uroa for Leikanger.

Den uroa deler ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), der vegvesenet har kring 30 arbeidsplassar.

Eid-ordførar Alfred Bjørlo

MÅ VERE PÅ VAKT: Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V) er redd kommunen sine arbeidsplassar i Statens vegvesen vil forsvinne.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Alarmklokkene må ringe, slik at ein ikkje sakte men sikkert kvittar seg med dei minste avdelingane og flyttar kompetansemiljø vekk frå distrikta og til dei store byane. Det er faren.

Skal vere godt representert

Regionvegsjef i Region vest, Helge Eidsnes, seier det er fare for at fagmiljø blir splitta.

– Vi har eit krav om effektivisering, marknaden er annleis og vi får fylkeskommunar som også skal ha utøvande vegansvar.

– Kva betyr omorganiseringa for dei eksisterande statlege arbeidsplassane i dag?

– Statens vegvesen vil ikkje vere til stades alle stadene vi er i dag, men vi kjem til å vere godt representert. Kontora, kompetansen og dei tilsette er ute i ulike delar av landet. Det skal vi byggje vidare på og aktiviteten vår skal framleis vere der ute.

Helge Eidsnes på Sandvikvåg fergekai

VIL VERE I DISTRIKTET: Nokre fagmiljø kan bli splitta, men regionsjef Helge Eidsnes seier dei skal vere til stades i distrikta.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Krev at dei får behalde jobben

Nestleiar Henny-Kristin Asperanden Navarsete i Norsk Tjenestemannslag Veg representerer over 1000 tilsette i Statens vegvesen i heile landet. Ho har eit krav til omorganiseringa.

– Vi har klare forventingar til regjeringa om at dei tilsette får behalde arbeidsplassen.

Ho oppmodar lokalpolitikarane om å passe på.

– Lokalpolitikarane må sjå kva tenestetilbod dei har i dag og kva dei ynskjer å ha i framtida, og ta det vidare til sine sentrale politikarar.