Fryktar sentralisering av tenester i den nye storkommunen

Skepsisen er stor i den vesle kommunen Balestrand før den kommande tvangssamanslåinga.

Trond Sundby

FRYKTAR SENTRALISERING: Trond Sundby er ein av mange balestrendingar som kvir seg over kommunesamanslåinga.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Ein ting er heilt sikkert, me vil verte ein utkant i den nye kommunen. Det er ikkje til å diskutere, seier bebuar Synnøve Balevik.

Ho er ikkje den einaste som fryktar at Balestrand vil verte «eten opp» når dei slår seg saman med Leikanger og Sogndal over nyttår.

Stor motstand

I 2017 stemte eit fleirtal på Stortinget for tvangssamanslåing av kommunar over heile landet. Både i Balestrand og Leikanger var det stor motstand mot å gå saman med Sogndal til ein storkommune. Skuffelsen var for mange difor stor då samanslåinga vart vedtatt.

– Dette er å halde lokalpolitikarar og ikkje minst innbyggarane for narr, sa ordførar Jon Håkon Odd i Leikanger kommune, då.

Kommuneforskar Yngve Flo ved Universitetet i Bergen fortel at det ikkje er første gong eit slik vedtak vert gjennomført ved bruk av tvang. Fyrste gongen, i perioden 1963-1965, forsvann 40 prosent av kommunane i Noreg.

Flo, som påpeikar at reforma var langt meir omfattande då, forstår likevel dei som no kjenner seg utrygge på kva endringane vil innebere etter nyttår.

– Det er jo ingen garanti for korleis dette vil verte på sikt. Men noko av logikken bak reforma er at ein tenkjer at det vert ei effektivisering i kommunane i høve basistilbod. Mindre pengar skal gå til administrasjon slik at meir midlar vert frigjort for å vareta tenestetilbod i utkanten av kommunen, seier han.

Yngve Flo

FORSTÅELEG: Kommuneforskar Yngve Flo meiner det er naturleg at folk er bekymra for kva reforma vil føre til på sikt.

Foto: Anders Ekanger / NRK

Fryktar å hamne i utkanten

Ved eit bord langs kaia i Balestrand sentrum sit ein gjeng med engasjerte damer. Det diskuterast høglydt, og bodskapet er klinkande klart.

– Dersom me ikkje får ordføraren så er me heilt sikre på at det vert Sogndal-dominans i den nye kommunen. Det vil til dømes verte lettare å leggje ned helsetenester og liknande og flytte dei inn til Sogndal, seier Synnøve Balevik.

Diskusjonar rundt kommunesamanslåinga

HØGT ENGASJEMENT: Synnøve Balevik (nummer to frå venstre) og resten av denne gjengen har sterke meiningar om kommunesamanslåinga.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Trond Sundby, som er tilflytt balestrending, fryktar at dei nye samanslåingane vil føre til ei maktforskyving både kommunalt og på fylkesnivå.

– Samanslåing betyr jo sentralisering av tenester, det ligg i korta. Det er klart at det liker ikkje me som no bur i utkanten av den nye kommunen, seier han.

Trond Sundby

FRYKTAR SENTRALISERING: Trond Sundby er ein av mange balestrendingar kvir seg over kommunesamanslåinga.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Ynskjer å ta vare på heile kommunen

Balestrand sin ordførarkandidat, Arnstein Menes (Sp), var sjølv sterk motstandar mot samanslåinga. Når han no stiller til val meiner han det er viktig fokusere på moglegheitene samanslåinga vil gje, trass i at det vil verte enkelte utfordringar.

– Me lyt ta vare på alle opp i dette. Eg trur på å skape ein ny identitet og fellesprosjekt. Samstundes har me noko svære utfordringar i kommunikasjon då Balestrand er litt distansert grunna ferjesambandet som ikkje går på nattetid.

Arnstein menes i formannskapet i Balestrand

POSITIV: Ordførarkandidat Arnstein Menes frå Balestrand meiner det er viktig å sjå på moglegheitene den nye storkommunen vil føre fram.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Ordførarkandidaten frå Sogndal, Kjetil Kvåle (Ap), lovar at kommunikasjonsutfordringane ikkje kjem til å råke dei som hamnar i utkanten av kommunen.

– Me forstår at det er skepsis. Det er viktig at heile kommunen vert nytta og at basistenester vert varetekne. Alle ledd og delar med kommunen må vere like gode i alle kantar, seier Kvåle.