Hopp til innhold

Fryktar samanslåing av aviser

Redaktørane i Fjordingen og Fjordenes Tidende er usikre på framtida etter at det er bestemt at avisene skal få engelske eigarar.

Bengt Flaten
Foto: NRK

Begge avisene følgjer med når Orkla media blir selt til britiske Mecom. Redaktør i Fjordingen Bengt Flaten er djupt skuffa.

- For å svare heilt ærleg føltest det som å få eit slag i mellomgolvet då eg leste børsmeldinga og skjønte kva som hadde skjedd.

Eig skandaleavis

Motstanden har vore stor mot at Mecom skulle bli eigar. Selskapet eig mellom anna skandaleavisa "The Sun", og er kjende for å vere eit selskap som kuttar i kostnadane.

No fryktar Fjordingen-redaktør Bengt Flaten tronge økonomiske rammer, og at lokalavisene i området kan bli samanslegne.

- Det usikre er kva for rammevilkår vi får lov å jobbe under med tanke på økonmien i den daglege drifta og strukturen på Nordvestlandet og i landet elles.

Uro også i Måløy

Den andre avisa i fylket som no blir britisk-eigd er Fjordenes Tidende i Måløy. Redaktør Erling Wåge er skuffa over at det blei Mecom som fekk kjøpe Orkla media. Han fryktar for framtida. 

- Vi har sett døme på at dei har hatt større voner til avkasting enn det norske medieeigarar har hatt.

- Som sagt hadde eg håpa at selskapet vart på norske hender. Eg er ikkje særleg begeistra med tanke på dei erfaringane vi har med dei nye eigarane.