Fryktar sakna kan vere omkomen

Heller ikkje fjerde dagen med søk etter den sakna mannen i Stryn gav resultat. No fryktar politiet at mannen frå Rogaland er omkomen.

Søker etter ustabil mann i Erdalen i Oppstryn

SØK: Store leitemannskap har i fleire dagar søkt etter ein sakna mann i 20-åra i Oppstryn.

Foto: Silje Guddal / NRK

Kring 25 personar frå Røde Kors, ti hundeekvipasjar frå politi og Norske Redningshundar og ti personar frå Alpin Redningsgruppe frå Jostedalen og Lom har i dag søkt i terrenget i Erdalen.

– No ser vi ikkje på mogelegheitene for å finne nokon i live til å vere til stades lengre. Aksjonen vil no gå inn i ein ny fase, stadfestar operasjonsleiar Einar Vereide ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Uvisst med nytt søk

Mannen har vore sakna sidan laurdag, då han væpna med kniv truga til seg ein bil på Strynefjellet. Bilen vart seinare funnen att inst i Erdalen i Oppstryn. Politiet frykta for mannen si helse og har sidan hatt store leitemannskap i sving.

Helikopter og fly har vore inne i søket etter mannen og alle bygningar i dalen er undersøkte. Politiet stadfesta måndag at mannen har ein psykisk diagnose, men ville ikkje gå nærare inn på det. No er det uvisst når nye søk blir starta opp.

– Vi har ikkje tatt stilling til når vi vil starte opp att. Det vil vi bestemme utover kvelden i kveld eller onsdag. Vi har ikkje teke stilling til kva omfang eit nytt søk vil ha. Det kjem litt an på kva ressursar vi rår over, seier Vereide.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Politi og leitemannskap står heilt utan spor etter 20-åringen som laurdag truga til seg ein bil på Strynefjellet og sidan køyrde til Erdalen i Oppstryn. 
Det har vore svært kaldt i dalen dei siste dagane, og mannen var ikkje kledd for fjellet.

SJÅ TV-SAK: Står framleis utan spor etter sakna knivmann.

Ingen spor

Politiet har spora kredittkort og mobiltelefon som mannen disponerte, utan at det har gjeve noko svar på kvar mannen er. Dei har ikkje kunne sjå at nokon av delane har vore i bruk. Leiteaksjonen skal no evaluerast.

Mannen vert rekna som fjellvand, men politiet har ingen grunn til å tru at han er kled eller har med utstyr til å takle dei temperaturane som har vore siste dagane.

– De trur framleis ikkje at han kan ha kome seg ut av dalen, og er på andre stadar av landet?

– Vi har ikkje informasjon som tyder på at han har kome seg ut av dalen på nokon måte, seier Vereide.