Hopp til innhold

Fryktar rusa ungdom skal drukne

Rusa ungdomar tek seg inn og badar i kommunale badeanlegg i Årdal. Det var Porten som først skreiv om problemet. Magne Knudsen, tenestestadsleiar for politiet i Årdal, seier dei er kjend med problemet, og at dei seinast førre helg måtte jage vekk ungdomar som hadde teke seg inn i badeanlegg både på Årdalstangen og i Øvre Årdal. – Kommunen har sperra av områda etter forskrifter og det er sett opp skilt om forbod. Så ungdomane bryt det kommunale regelverket frivilleg, seier Knudsen. Sjølv meiner han at sikringane er gode nok, men at ungdomane tøyer grensene når dei er rusa. – Vi har per dags dato ikkje bøtelagd nokon, men vi er veldig redd for at nokon i rusa tilstand druknar i eit av desse anlegga, avsluttar Knudsen.

Friluftsbassenget i Årdal
Foto: Årdal kommune