Hopp til innhold

Ber om snarlege tiltak for å ta ut rovdyra

Villreinnemnda fryktar at herjingane til jerv og ulv kan skade ein allereie sårbar villreinstamme i Sogn og Fjordane i stor grad.

Villrein i Lærdalsfjella

ØYDELAGT: Villreinnemnda fryktar at rovdyra i fylket skal skade villreinstammane, som denne i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving

I ei uromelding til fylkesmannen ber dei om snarlege tiltak for å ta ut rovdyra. Dei skriv at jerv var ein av hovudårsakene til at reinflokkane i Førdefjella vart desimerte i på 1980-talet, og truleg til ein utarma stamme i Vest-Jotunheimen på 2000-talet,

– Målet er å støtte beitenæringa for å gjere så mykje som mogleg for å ta ut rovdyra. Dette er område der bufe skal ha prioritet føre rovdyr. Vi vil støtte dei, og i tillegg melde stor uro for villreinstammene, seier Siri Bøthun, sekretær i Villreinnemnda.

– Jerven er spesialist på rein

På haustmøtet til nemnda i november tok medlemmene spontant opp uroa over rovdyr. I sommar og haust har ein eller fleire jervar herja i indre Sogn, og ein eller fleire ulvar gjort det same i Sunnfjord, noko som har ført til historisk høge tap av sauer og lam

Nemnda er uroa for at ulven skal få over på storvilt når sauene er vekke frå beitet. Dei ber om særlege tiltak når lisensjakta ikkje lukkast.

Jerv

TRUGAR: Jerven er spesialist på rein, seier Bøthun.

Foto: BBC

– Det er spesielt med tanke på ulven i Sunnfjord-området. Men også jerven i området villreinområde Lærdal-Årdal uroar oss, seier Bøthun.

Ho seier dei ikkje har registrert at jerven har teke rein i sommar.

– Men vi veit at jerven er eit spesialist på rein. Frå naturen si side følgjer den naturleg reinen. Rein er ein viktig matressurs for jerven, seier Bøthun.

Spesielt sårbare stammar

I Sogn og Fjordane er villreinstammane sårbare, seier Bøthun.

– Rovdyr og rein har ein naturleg dynamikk i fjellet. Men det er der du har store område og store stammar. Jerv i ein stamme på 10.000 rein er ikkje farleg. Så store stammar toler år med store tap, seier ho og held fram:

– Men i eit område med 100 dyr er påverknaden stor. Rovdyr kan gjere stor skade då.

Villreinstammane held til i avgrensa fjellområde samanlikna med dei store områda dei historisk held til i.

– Når reinen er på små område og same stad heile året blir han meir sårbar, seier Bøthun.

Ulv eller hund

TRUGAR: Både jerv og ulv, her fotografert av eit viltkamera i Naustdal tidlegare i haust, trugar sårbare villreinstammar, meiner Villreinnemnda.

Foto: Ann Elen Endestad