Fryktar rekruttering til narkomiljø

Politiet i Sogndal fryktar fleire unge skal bli rekrutterte inn i narkomiljøet i området. Sist veke førte ein narkoaksjon til fleire pågripingar.

Åge Løseth

UNGE: Lensmann Åge Løseth håpar politiet skal klare å hindre at fleire unge blir rekrutterte inn i narkotikamiljøet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Vi er uroa for nyrekruttering til narkomiljøet, det må vi vedgå. Det er litt av bakgrunnen aksjonen i førre veke, seier Løseth.

Lensmann Åge Løseth vil ikkje gå i detalj om bakgrunnen for narkoaksjonen som politiet gjennomførte i Sogndal-området tidleg sist veke.

Men når ein no går inn i ein sesong med mykje fest og moro, der mange unge kanskje er på fest for første gong, vedgår Løseth at det er med ei viss uro.

Resultatet av narkoaksjonen sist veke var at fire personar vart pågripne. Politiet fann også mindre mengder hasj og GHB, i tillegg til ei større mengde narkotiske tablettar.

– Ingen av dei pågripne vart varetektsfengsla, seier Løseth.

Seinast i mars såg politiet i Nordfjord resultatet av langvarig spaning og innhenting av informasjon. Etterforskinga avdekka mellom anna kjøp og sal av ei betydeleg mengde amfetamin og ifølgje lensmannen i Gloppen er dette ei av dei største sakene politiet i regionen har vorte borti.

På berre nokre månader i haust beslagla politiet narkotika for nær ein million kroner i Sogn og Sunnfjord. Nær 70 personar var involverte i desse sakene.

Øya Bremangerlandet vil vere utan veg til fastlandet fram til neste veke.
For han som var sekundar frå å bli treft av steinblokkene, var det ei skremmande oppleving.
Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.