Hopp til innhold

Fryktar reisetida får etablerte spelarar til å gje seg

Førde og Florø sine 2. divisjonslag må neste sesong spele kampar både på Kongsvinger, Elverum og Trondheim. Det betyr endå lengre reisetid enn dei har hatt i årets sesong. Trenarane fryktar for konsekvensane.

Glomnes og Rognsø

MÅ REISE LANGT: Både Førde-trenar Torbjørn Glomnes (t.v.) og Florø-trenar Terje Rognsø skulle gjerne sett at reisetida vart noko mindre neste sesong.

Foto: Kjell Arvid Stølen, Truls Kleiven / NRK

– Det er klart dette er ei ekstra belastning på spelarane. Det er eit spørsmål kor lenge dei som er etablerte med både kone og born, orkar. Annakvar helg forsvinn, og det er ikkje noko pluss for norsk fotball dersom mange over 25 år ikkje orkar meir, seier påtroppande Førde-trenar Torbjørn Glomnes.

Heller ikkje Florø-trenar Terje Rognsø jublar over dagens oppsett i 2. divisjon.

– Nei, frykta er jo at spelarar ikkje vil meir. Dette er spelarar som trenar like mykje som eliten, i tillegg til jobb. Og så kjem all reisinga i tillegg. Men vi får berre gjere det så godt som vi kan for dei. Meir kan vi ikkje gjere, for oppsettet er lagt, seier Rognsø.

Litt skuffande

Men at den vesle fotballklubben i Kystbyen får sin del av kilometrane i 2. og 3. divisjon, er han klar på.

– Vi har rekna ut at 2. divisjonslaget får 12.000 kilometer, 3. divisjonslaget får 6.000 kilometer. Det er litt skuffande, ikkje tvil om det, seier Rognsø.

Han peikar på at fly ikkje er noko alternativ på mange av kampane, då det vil bety at laget må via Oslo, noko som både er tidkrevjande, men også dyrt.

– Buss til Trondheim er 580 kilometer. Det er ti timar kvar veg. På dei turane må vi reise fredag og ha overnatting, så helga går jo, seier Rognsø.

Ville gjerne hatt Oslo-regionen

Han hadde sett at dei kunne fått møtt nokre lag frå Oslo-regionen.

– Då kunne vi iallfall teke fly til dei kampane. Når det gjeld Elverum og Kongsvinger, så er det mogleg å fly til Gardermoen og ta buss derifrå, men elles vert det mykje buss, seier Rognsø.

Også Glomnes er klar på at det er turane til Trøndelag som kjem til å ta mest på.

– Dei blir tøffast, utan tvil. Reisebelastninga der blir stor. Men vi kan ikkje bruke krefter på det, seier Glomnes.

Han peikar på at Førde har reist langt også tidlegare, men at han var litt overraska over at dei hamna i same avdeling som Trøndelags-laga.

– Litt overraska var eg, ja. Men når det er sagt, så får vi berre tenkje «ut på tur, aldri sur». Oppsettet får vi ikkje gjort noko med, og å bruke masse krefter på det skapar berre negativ energi. Det vil vi ikkje ha, seier Glomnes.

Ser fram til å møte nye lag

Han ser fram til nye motstandarar, og trur det blir ei spennande avdeling.

– Her er mange lag som har ore høgt oppe før. Det er nok totalt sett den tøffaste avdelinga, men vi er klare for utfordringane, seier Glomnes.

Det er Rognsø samd i.

– Det blir spennande, seier Rognsø.

Er ein vanskeleg kabal

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane fotballkrets, Svein-Olav Myklebust, har forståing for at reisetida kan verke lang for fleire lag.

– Men eit serieoppsett er komplisert. Biletet endrar seg år for år, og det er ein enorm jobb å få alt på plass, seier Myklebust.

Han legg til at laga må vere offensive, sjølv om reisetida kan verte ei utfordring.

– Vi registrerer at det ikkje er optimalt, men det er lite å gjere med no, seier Myklebust.

Han ber klubbande dokumentere dersom dei har urimeleg lang reisetid, og melde dette tilbake til forbundet.

– Ein skulle tru at forbundet vil høyre på argument som er dokumentert, seier Myklebust.

Men han minner om at det ikkje berre er lag frå Sogn og Fjordane som har lang reiseveg.

– Det er like langt frå Kongsvinger til Førde som andre vegen, seier Myklebust.

Slik vert avdeling 4:

HamKam
Elverum
Kongsvinger
Brumunddal
Førde
Florø
Træff
Molde 2
Rødde
Nardo
Byåsen
Strindheim TF
Stjørdals Blink
Aalesund 2