NRK Meny
Normal

– Det er regnet vi fryktar! Ordførarane er i full beredskap

I Lærdal er nokre elvar forsterka og i Luster kan naboar til elva bli evakuerte dersom vatnet stig ytterlegare.

Elv i Lærdal

SKUMMAR: Elvene blir overvaka minutt for minutt – ordførarane er i full beredskap.

Foto: Jan Christian Jerving

– Vi har gjort nokre strakstiltak med å forsterke nokre elver som var råka av flaum sist. Der er ikkje alle fylt med stein, dermed grev dei seg raskare fram, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.

Har forsterka elvar

Han har folk frå teknisk etat som køyrer rundt i kommunen for å overvake situasjonen etter at flaumfaren i går vart heva til oransje nivå. NVE har allereie fått uromeldingar om at vatnet stig raskt i elvene.

I Lærdal er det særleg Erdalsvassdraget, i Tønjadalen og delvis i elva Nivla at det er gjort strakstiltak med forsterkingar.

– Det er regn vi fryktar, seier Solheim. Han seier at dersom vasstanden ikkje aukar meir enn akkurat no, så skal det gå bra.

Det same seier ordføraren i Stryn som har hatt mannskap ute på føremiddagen for å skaffe seg oversikt over Stryneelva.

Kan komme til å evakuere

– Vi har hatt kontrollar der vi veit det kjem lett vatn inn. Så vi har pumpa nokre kjellarar, og nokre bøar står under vatn. Men førebels har vi kontroll, så blir det ikkje verre går dette bra, seier Sven Flo.

Stryn kommune har tett dialog med politiet som også er i beredskap dersom vatnet tar seg opp. Det kan bli aktuelt mellom anna ved evakuering av folk. I Luster har kommunen varsla enkelte gardar om at det kan bli evakuering fordi dei bur så nær elva.

– Vi har gjort sonderingar på utsette plassar, så i verste fall, kan vi måtte evakuere desse, seier ordførar Ivar Kvalen.

Men førebels er situasjonen under kontrollert oppsyn, så lenge det ikkje kjem regn. Det er først varsla regn natt til måndag.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast