Hopp til innhold

Vil kjempa med nebb og klør for sognebåten

Kommunane langs ruta til ekspressbåten frå Sogndal til Bergen kvessar no knivane og gjer seg klar til kamp for den mykje omdiskuterte båtruta.

Harald N. Offerdal

VIL KJEMPE: Ordførar i Balestrand, Harald N. Offerdal, vil stå på for å sikre framtida for sognebåten som er overteken av Norled.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / arkiv / NRK

I samferdsledirektøren sitt budsjettframlegg går det fram at ein bør vurdera å sjå nærare på framtida for den tradisjonsrike båtruta, som har vorte berga gang på gang gjennom mange år.

– Falitterklæring

Ordførar i Balestrand, Harald N. Offerdal (Ap), nektar å vere med på ei samferdsleframtid utan ekspressbåten, som i mange år har frakta reisande ut fjorden og til «byd´n»

– For oss ville det vore ei falitterklæring. Sognefjorden er jo kåra som eit av verdas beste reisemål, og så skal vi ikkje ein gong kunne utnytte den som ferdselsåre. Det er jo eit av dei viktige argumenta, seier Offerdal til NRK.

  • LES OGSÅ:

Skuffa ordførar

Han er denne veka tilstades på Leikanger, der fylkespolitikarane er samla til møte. Og han nyttar alle høve til å prata med partifeller og andre om verdien av båten.

– Eg representerer alle kommunane langs ruta frå Gulen og heilt inn til Sogndal, pluss dei andre sognekommunane, seier Offerdal.

Han er skuffa som få over administrasjonen sine signal om at noko vil kunne skje med båtruta frå 1. mai 2016.

Vil kjempe for ruta

– Det er ikkje sagt noko nærmare om det i fylkesdirektøren sitt framlegg til budsjett. Men eg reknar med at der ligg det i alle fall kraftige reduksjonar, trur Offerdal.

Han lovar at sognekommunane nok ein gong vil kjempe med nebb og klør for å halde på ekspressbåtruta som på vinterstid har ein dagleg tur til og frå Bergen.

– Dette finn vi oss kort og godt ikkje i. Det har vi og signalisert lenge, alt i november hadde vi eit møte med fylkeskommunen der vi var tydeleg på det signalet.

– Veldig viktig

– Men det har jo lenge vore argumentert mot båten både i høve passasjertal og ureining?

– Vi ser på båten som eit av dei beste framkomstmidla vi har til og frå Bergen. For folket langs fjorden så er denne båten veldig viktig. Denne kampen har vi tenkt å vinne, sler Offerdal fast.