NRK Meny
Normal

Fryktar ras av tvangssal i Høyanger

- Det kan bli mange hus på tvangssal i Høyanger ut over året, fryktar namsmann Olav Hellebø i Høyanger.

Høyanger
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Grunnen er den vanskelege økonomiske situasjonen mange har kome i etter Fundo- konkursen.

- Det ser eg som svært rimeleg å tru. Vi har et samarbeid med NAV, og eg veit at der er det mange som har teke kontakt fordi dei føler den økonomiske belastninga som vanskeleg.

Trur det blir mange

I Firda førre veke var fire bustader for tvangssal i Høyanger. Ingen av dei har direkte tilknyting til konkursen i Fundo og Hellebø fryktar dette berre er ein liten forsmak på kva dei har i vente når den fulle effekten av at over 300 har mista jobben i Høyanger blir merkbar.

- At vi får fleire saker når hausten kjem trur eg er openbart. Og eg trur det kan bli mange saker.

- Mange må stramme inn

Ordførar Kjartan Longva seier det er ein svært vanskeleg tid for mange i kommunen.

- Mange har måtta begynne å stramme inn, så dette er noko vi har frykta. Folk kan få dagpengar som tilsvarar 62 prosent av den ordinære inntekta, men maksimum 256.000 kroner i året.

- Kva gjer kommunen for å hjelpe dei som kjem i ein vanskeleg økonomisk situasjon?

- Vi meinte at sosialbudsjettet ikkje heldt, så dette var noko vi tok opp då vi ba om omstillingsmidlar. Eg går ut frå at folk må vende seg til NAV og kommunen for å få hjelp.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå