Hopp til innhold

Fryktar mjølkeproduksjonen blir flytta ut av fylket

Bønder fryktar at storbønder på Austlandet, Jæren og Trøndelag kan kjøpe opp mjølkekvotane deira.

Oddgeir Kvamsås

UROA: Leiar i Førde bondelag, Oddgeir Kvamsås seier bøndene fryktar at produksjonen vert flytta. Gardane i Sogn og Fjordane har ikkje nok areal, og kan ikkje byggje stort nok, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

– Vi ser kyrne no. Vi får gå inn der som hovudavdelinga for mjølking ligg.

Gardbrukar Oddgeir Kvamsås viser rundt på fjøsen sin i Angedalen i Førde. Han investerte over tre millionar i 2009, og brukar mykje tid i den moderne lausdriftsfjøsen. Dei 40 kyrne produserer 275.000 liter mjølk årleg.

Kvamsås er ikkje i nærleiken av å nå kvotetaket på 900.000 liter i året, slik landbruksministeren frå Framstegspartiet ønskjer at fleire bønder skal auke opp til. I Sogn og Fjordane er det ingen som har planar om å bygge så stort.

Ingen vil bygge kjempefjøs

Dette er Kvamsås, som er leiar i Førde bondelag, ikkje er overraska over.

– Gardane har altfor lite areal til at vi kan bygge så stort her, seier han.

Odd Fauske, regionsjef for Tine Meierier på Vestlandet, stadfestar Kvamsås si forklaring.

– Vi er eit småbruksfylke. Det har med naturen å gjere. Det er ikkje grunnlag for å drive så stort som ein del andre stader i landet. Det er den enkle årsaka, seier Fauske.

Fryktar utflytting

Tidlegare kunne enkeltbruk produsere opp til 400.000 liter og samdrifter 750.000 liter mjølk. No kan alle produsere opp til 900.000 liter, og tilskotsordninga for dei som produserer mykje er betre enn tidlegare.

I dag kan ikkje mjølkekvotar seljast ut av eit fylke til eit anna, men Kvamsås er ein av mange vestlandsbønder er redd for at nettopp dette er neste steget i Listhaug sin plan om å få ein meir effektiv og robust mjølkeproduksjon på storgardar på Austlandet, i Trøndelag og på Jæren.

– Vi fryktar at det vert neste steg.

– Kvifor det?

– Fordi landbruksministeren har sagt at grensene for kvotar skal mjukast opp. Dei store bruka må jo fylle desse kvotane på 900.000. Dei må kjøpe kvotar og då kjøper dei kvotar frå andre stader i landet.

– Noko som ikkje fungerer i dag

Statssekretær i Landbruksdepartementet, Hanne Blåfjelldal frå Framstegspartiet, fortel at mykje tyder på at dagens system for kjøp og sal av mjølkekvotar ikkje fungerer som det skal.

Hanne Blåfjelldal

FUNGERER IKKJE: Blåfjelldal meiner det er noko med dagens system som ikkje fungerer.

Foto: Ole Martin Sponberg / NRK

– Når eg er ute og reiser får eg tilbakemelding frå bønder om at det enkelte stader er vanskeleg å få kjøpt eller leigt kvotar, og at det er høge prisar. I nabofylket kan det vere slik at det er umogleg å få selt kvotar. Det syner at det er noko i dagens system som ikkje fungerer, når det enkelte stader omtrent er umogleg å få tak i kvotar.

– Det me har sagt i årets jordbruksoppgjer, som det er fleirtal for, er at me skal sjå på produksjonsregionar for kumjølk, seier Blåfjelldal.

«Partssamansett arbeidsgruppe»

– Men statssekretær, dersom vi tek det som føresetnad at dette blir mjuka opp, korleis blir situasjonen då trur du? Trur du at bøndene, til dømes i Sogn og Fjordane, har sjanse til å konkurrere med bøndene på Jæren, Austlandet og i Trøndelag?

– Den partssamansette arbeidsgruppa som skal sjå på produksjonsregionar for kumjølk vil bli sett ned snart.

– Men kva har du å seie til trøyst for dei som fryktar dette no?

– Det blir sett ned ei partssamansett arbeidsgruppe som skal sjå på produksjonsregionar for mjølkekvotar, og så vil det vise seg kva dei kjem fram til.

– Ja, men du svarte ikkje på spørsmålet mitt. Er det...

– No spurde du jo veldig mange gonger om akkurat det same.

– Men er dette første steget på nedbygging av landbruket i distrikta?

– Det blir sett ned ei partssamansett arbeidsgruppe, noko som vart bestemt i samband med årets jordbruksoppgjer, som skal sjå på produksjonsregionar for kumjølk, seier Blåfjelldal.

Uroa for framtida

Tilbake i fjøsen er Kvamsås uroa for framtida. Han seier storbøndene på Jæren og Austlandet har store areal men likevel korte køyreavstandar, og slik sparar pengar.

– Klart vi får problem dersom vi må konkurrere med store og kostnadseffektive bruk andre stader i landet, seier Kvamsås.