Hopp til innhold

Fryktar prestane kjenner seg jaga vekk frå prestebustadane

Prestebustadar over heile landet kan bli lagt ut for sal når buplikta tek slutt 1. september. Prost i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum er kritisk til den nye ordninga.

Montasje

UROA: Prost i Nordfjord, Rolf Schanke Eikum er uroa for kulturarven og rekrutteringa av prestar når buplikta vert avvikla 1. september. Prestegarden i Gaular er ein av prestegardane som kan bli lagt ut for sal i den opne marknaden.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Det er trist om dei skal seljast. Det er enklare å halde presten i dei sokna der han jobbar dersom han har prestebustad, om den forsvinn vil det vere trist for kyrkjelyden, seier Eikum.

Sju av 38 prestebustader kan bli lagt ut for sal etter den 1. september. Då vert buplikta for prestar avvikla, så då kan prestane sjølve velje kvar dei vil busetje seg i soknet.

Fryktar for rekrutteringa

Prestane får sjølve bestemme kor lenge dei vil bli buande i husa, men etter kvart som dei flyttar vil dei bli lagt ut for sal. Det gjeld mellom anna bustader i Årdal, Lavik, Solund, Fjaler, Gaular, og Naustdal.

Det er mange store prestegardar med fleire titals rom og kvadratmeter på kvadratmeter.

I Eid bur prost Rolf Schanke Eikum i ein prestebustad på om lag 400 kvadratmeter. Han fryktar at eit sal av prestebustadane kan føre til rekrutteringsproblem i bygdene.

– Rett nok seier departementet at dei vil halde oppe nokre bustadar på tanke på rekruttering, men det er ikkje avgjort kvar dette vil bli, seier Eikum.

– Kan kjenne seg jaga vekk

Prosten er også uroa for at tomme prestebustadar kan føre til at kulturhistoriske verdiar går tapt.

– Spesielt på dei eldre prestegardane ligg det mykje kulturell verdi i husa. Prestane var ofte føregangsmenn og det ligg mykje lokalhistorie i husa, seier Eikum.

Men det er mange prestebustadar som står tomme, er det ikkje betre at dei blir selde og brukt?

– Det er ikkje alle prestebustadane som eignar seg til utleige eller sal slik som det er. Difor er det uheldig at prestane som bur i bustadane kan kjenne seg jaga ut fordi dei må skatte per kvadratmeter.

Vil ha grensa på 160 kvadratmeter

Etter endringa i september vil prestane måtte betale fordelsskatt av differansen mellom subsidiert og reell marknadsverdi av bustaden.

– Hadde eg kunne kviskra noko til statsråden så ville eg sagt at ein burde ha ei grense på 160 kvadratmeter, som då er grensa for godkjenning av prestebustadar og at ein ikkje skal måtte betale noko utover det, seier Eikum.