Fryktar borgarvern blir løysinga om lensmannskontoret forsvinn

Framlegget om å legge ned lensmannskontoret i Bremanger fell ikkje i god jord hos ordførar Audun Åge Røys (H) i Bremanger.

Audun Åge Røys, ordførar i Bremanger

UROA: Ordførar Audun Åge Røys (H) fryktar følgjene dersom Bremanger blir ståande att utan lensmannskontor.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK
Oddleif Løseth
Journalist

For framtida er det føreslått at Lærdal, Sogndal, Vik, Vågsøy, Eid, Stryn, Flora, Førde, Fjaler, Høyanger og Gloppen får behalde sine lensmannskontor.

Bremanger er mellom lensmannskontora på kuttlista.

– Folk blir uroa når det lokale lensmannskontoret forsvinn, slik det ser ut no. Vi håpar det ikkje skjer, men signala vi får tyder på at det vil skje, seier ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys.

– Borgarvern blir løysinga

I helga fekk Røys utløp for frustrasjonen på Facebook. Ordføraren viser til oppslaget der politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt forsvarar nedlegging av lensmannskontor.

– I begge fylke er det kontor som ikkje er store nok i forhold føringane vi har fått. Dei ressursane prøver vi å gjere om til anna politiverksemd i dei same områda, sa Songstad.

Her må nok det lokale brannvernet og ambulansepersonellet vere budde på å utføre politioppgåver når ulukker og katastrofer skjer. Når det gjeld kriminalitet så vert nok borgarvern løysinga.

Audun Åge Røys / Facebook

Røys vedgår at lensmannskontoret er lite, men seier det er veldig viktig for lokalsamfunnet. Næraste lensmannskontor blir Måløy, Eid og Flora, høvesvis 44, 52 og 57 kilometer unna lensmannskontoret i Bremanger.

– Det er lett å gløyme det viktige førebyggjande arbeidet den lokale lensmannen gjer når han er kjent og aktiv i lokalmiljøet, skriv Røys på Facebook.

Vil ikkje berre ha «blålyspoliti»

– Vi har ein lokal lensmann som kjenner lokalsamfunnet og folk. Han veit adressa om noko skjer. Dette fryktar vi å misse om vi får eit blålyspoliti som berre rykkjer ut når noko skjer, utdjupar Røys overfor NRK.

Ordføraren trur ikkje Bremanger får lokalisert ein patrulje som er tilgjengeleg heile døgnet.

– Du er ikkje nøgd med di eiga regjering si politireform?

– Intensjonen med eit nærpoliti er god. Men no som det skal greiast ut lokalt, så ser dei ikkje nok på utfordringane med avstandar. Nordover avheng vi av ferje over fjorden, og sørover har vi ein smal tunnel og fjellovergang. Ved spesielle hendingar brukar politiet lang tid og lokalt brannvern og helsepersonell vil måtte utføre politioppgåver som dei ikkje er trena på.

Røys fryktar at ulukker og hendingar som i utgangspunktet ikkje er så store, kan eskalere om folk ikkje får rask nok hjelp og assistanse frå politiet.

Spesiell trening

I framtida må brann- og helsepersonell vere budde på å handtere situasjonar der det er pågåande livstruande vald. I alle fall fram til politiet kjem.

Røys trur ikkje dette blir godt.

– Politiet har spesiell trening i mange situasjonar som lokalt brannvern og helsepersonell ikkje har trening i å handtere, seier Høgre-ordføraren. Fram til siste ordet er sagt i saka, vil han prøve å hindre at lensmannskontoret i Bremanger blir lagt ned.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.