Hopp til innhold

Fryktar partnerdrap grunna kunnskapsløyse hjå politiet

FLORØ (NRK): Leiaren for krisesenteret meiner det berre er tilfeldig at ingen kvinner har blitt drepne av partneren sin i Sogn og Fjordane.

Wenche Hovland ved Krisesentert i Florø fryktar partnarvaldsdrap vil skje her.

UROA: Leiar for Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Wenche Hovland, er redd politiet kan for lite om psykisk vald, og at dette går ut over kvinner som treng vern frå partneren sin.

Foto: Krista Lien Indrehus

– Kvinner har vore så skadde at dei like godt kunne vore drepne. Vi har hatt mange slike saker. Det er berre tilfeldig at dei ikkje døydde, seier Wenche Hovland.

Ho har jobba ved Krisesenteret i Sogn og Fjordane i 19 år. Kvinnene som er i ein så desperat situasjon at dei må søkje tilflukt hjå dei blir det fleire av for kvart år. I slutten av august vart ei mor og sonen hennar drepne i Finnmark, like før ho skulle ha flytta inn på krisesenter. Hovland har ikkje opplevd liknande drap i fylket, men Hovland seier det har vore nære på.

– Det er stadig grovare saker her, og mange som kjem hit er drapstruga og treng vern, fortel ho.

Politiet: – Gjer så godt vi kan

På politistasjonen i Florø sit Kjell Magne Barsnes. Han er fast kontakt for krisesenteret. Han kan heller ikkje sjå vekk frå at liknande drap kan skje her.

– Vi gjer så godt vi kan for å unngå det, men tidsklemma tek oss. Og det kan vere at det sekundet offeret tek kontakt med politiet, så er vi opptekne ein annan stad.

Kjell Magne Barsnes er fast kontakt for Krisesenteret i Sogn og Fjordane.

KUNNSKAP: Kjell Magne Barsnes, er fast kontaktperson for Krisesenteret i Sogn og Fjordane. Han trur politiet framleis har mykje å lære om saker som gjeld partnervald.

Foto: Krista Lien Indrehus

Ved senteret i Florø er det ofte fullt. I 2015 budde det 49 kvinner og 51 born i totalt 3091 døgn på krisesenteret i Florø. Hovland rosar det meste av politiarbeidet på området, men observerer fortsatt noko kunnskapsløyse, og spesielt når det gjeld psykisk vald.

– Eg trur politiet i dag kan mykje om det og har god kompetanse på det, og vi har godt samarbeid med dei. Likevel finst det nokon som manglar mykje.

Politiet har tilgang på analyseverktøy i partnervaldsaker, men Barsnes seier det ikkje er eit krav at alle har fått kursing eller opplæring i emnet.

– Vi blir aldri utlært og kan alltid bli betre, seier politiførstebetjenten.

Hovland håpar politiet vil bli flinkare til å også ta den psykiske valden på alvor.

– Når ei kvinne rapporterer om psykisk vald så skal ho ha vern.