Hopp til innhold

Fryktar påkjenninga av ny rettssak

Familien til Anne Slåtten er sjokkert over at den seks år gamle drapssaka kan bli teken opp att.

Minnestund for Anne Slåtten.

Anne Slåtten vart funnen drepen ved Førdehuset i 2004. No blir det vurdert å krevje den gjenopna.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Sjukepleiarstudenten Anne Slåtten frå Hjelmeland i Rogaland var berre 22 år gamal då ho 6. juni 2004 vart funnen drepen i eit kratt like ved Førdehuset i Sogn og Fjordane.

Familien opplever det som opprivande at privatetterforskar Tor Sandberg no skal sjå på om det er grunnlag for å vurdere å krevje saka teken opp att .

- Det kom som eit sjokk på oss. Vi er overraska, seier Marta Slåtten, mor til Anne.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Kripos til Førde

- Prøvde å slå oss til ro

Drapet for seks år sidan utløyste den største politietterforskinga i Sogn og Fjordane til då. Etter fire månadar etterforskning, vart Øyfred Henning Standnes pågripen for drapet.

Han har heile tida nekta for drapet, men Fjordane tingrett meinte DNA-bevisa var så sterke at dei dømde til fengsel i 13 år. Ankesak førde ikkje fram verken i lagmannsretten eller høgsterett. I lagmannsretten vart straffa auka til 15 år.

Familien til Anne Slåtten kjende ikkje til at saka blir vurdert på nytt.

- Eg trudde saka var avslutta og at det var sterke nok bevis mot gjerningsmannen. Dei sa det var så sterke bevis på at det var han, at vi prøvde å slå oss til ro med at det var det, seier Slåtten.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Kvinne funnen død i Førde

- Forferdeleg med ny rettssak

Familien har prøvd å leve vidare etter tapet av Anne og tykkjer det er tøft å sjå saka bli vurdert på nytt.

Sandberg er interessert i opplysningar i saka, fordi han ikkje lit på at politiet har formidla vidare alle opplysningar.

Slåtten seier at ho ikkje har noko grunnlag til å tvile på arbeidet politiet gjorde.

- Vi hadde full tillit til politiet. Vi har aldri vore i tvil om at dei ikkje har gjort noko skikkeleg jobb. Det blir forferdeleg tøft dersom det blir ny rettssak, seier ho.