Hopp til innhold

Kan bli stengd store delar av tysdagen

Eit helikopter vil i 12-tida prøve å spyle ned laus stein som ligg i fjellsida over fylkesveg 617 i Vågsøy. Vegen blir tidlegast opna tysdag kveld.

Her losna steinraset i Vågsøy

LOSNA: Steinane losna over eit jøl kring 200 meter over vegen, og har følgt jølet nedover mot vegen. – Vi må gå over skredløpet nedover mot fylkesvegen, seier Lars Erik Karlsen hos Statens vegvesen.

Foto: Kristian Kjesbu / Statens vegvesen

Vegen vart stengd i 14-tida måndag etter at fire-fem steinblokker losna i kring 200 meters høgde og dundra ned i vegbana ved Skåratunnelen mellom Måløy og Raudeberg i Vågsøy.

Statens vegvesen opplyser i 10-tida tysdag at vegen blir tidlegast opna i kveld.

– Geolog og reinskemannskap har funne ein del del ustabilt fjell i området, mellom anna ei blokk og litt anna som må ned, seier Lars Erik Karlsen, prosjektleiar for drift hos Statens vegvesen.

Går båtar utover dagen tysdag

Reinskemannskap firte seg ned til sleppområdet og starta arbeidet med å reinske i fjellsida, og held på til det vart mørkt. Arbeidet vil bli teke oppatt tysdag morgon når det lysnar.

Steinras Fylkesveg 617

STENGT: Det blir sett opp båt forbi rasstaden tysdag morgon.

Foto: Erik-Ove Kjørslevik

– I dag er det ein del masse som ligg i renna nedover som dei meiner må spylast med vatn. Det vil vi bruke helikopter til i dag. Etter dei har spylt, må det tørke ei stund, seier Karlsen.

Etter at raset gjekk måndag vart det sett inn passasjerbåt for å få heim skuleelevar, pendlarar, og seinare på kvelden for å få heimesjukepleie og heimehjelp fram og tilbake.

Ifølgje Statens vegvesen vil det gå båtar utover tysdagen. Dette er passasjerbåtar, og dei tek ikkje bilar med seg.

Båten går frå Måløy klokka 06.30 og 07.15. Deretter går båten frå Måløy kvart på og kvart over utover dagen.

Frå Raudeberg går første båt klokka 07.00, og kvar heile og halve time utover dagen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Fylkesveg 617 mellom Måløy og Raudeberg er stengd grunna steinsprang ved Skåratunnelen.

SJÅ VIDEO: Det er fare for nye steinsprang mellom Måløy og Raudeberg. (FOTO: BJARNE ELDEVIK)

Gjer ny vurdering

Området der det gjekk ras er ikkje innanfor det rasutsette området der det no blir gjort rassikringstiltak. Karlsen seier at raset gjer at dei må vurdere å gjere tiltak også i rasområdet.

Det var planlagt å gjennomføre inspeksjonsreinsk.

– Det blir ein del av vurderinga vi må gjere. Vi held på å reinske og sikre eit område lenger ut mot Raudeberg, og vi vil no også sjå på dette området, seier han.

Ambulanseberedskap

Også for ambulansetenesta er det ein spesiell situasjon.

Der er båtambulanse og ekstra beredskap hos luftambulansen to av ekstratiltaka i natt.

– Vi har ambulansebåt, beredskap i Deknepollen og ei lokalleiing som er svært oppdaterte på situasjonen. I tillegg er luftambulansen i Ålesund, Florø og Bergen informert om situasjonen, og AMK vil ha noko lågare terskel for å tilkalle den ved behov, seier Stian Sægrov, som er ambulansesjef i Helse Førde.

Tek i bruk redningsskøyta

Brannsjef i Vågsøy, Kim Hjelle, seier dei etter vanleg prosedyre lar lasta utstyr om bord i redningsskøyta.

Brannvesenet har berre ein brannstasjon i kommunen, og den er i Måløy.

– Der har vi pumpe og alt utstyret vi treng i ein førsteinnsats. I tillegg har vi alliert oss med bilar på Raudeberg som kjem og hentar på kaien dersom det skulle bli behov for det, seier Hjelle.