Hopp til innhold

Fryktar ny valordning i Vestlandsregionen

I ein vestlandsregion kan heile Vestlandet bli eitt valdistrikt. Då blir Sogn og Fjordane taparen, meiner Senterparti-mann.

Stortinget

VESTLANDSBENKEN: Her kan det bli færre frå Sogn og Fjordane, fryktar Steinar Ness. Men det må ei grunnlovsendring til for å endre valdistrikta.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Dersom det blir ein ny vestlandsregion, vil det bety eit nytt regionting i staden for fylkestinget som vi har i dag. Det kan òg bety at vestlendingar skal røyste fram stortingspolitikarar for heile Vestlandet, og ikkje berre for kvart enkelt fylke, slik som i dag.

Senterpartimannen Steinar Ness fryktar at dette betyr færre stortingspolitikarar frå Sogn og Fjordane.

– Er dei som uttaler seg klare over at dei seier farvel til fylket som eige valdistrikt, dersom dei seier ja til denne avtala, spør Ness.

Steinar Ness

ÅTVARER: Steinar Ness meiner folk må vakne og få med seg kva som kan vere i ferd med å skje.

Foto: Stig Indrebø / NRK

I intensjonsplanen for ein vestlandsregion er det skissert eit regionting med 71 representantar, som skal erstatte dagens fylkesting. Og det er sannsynleg at regjeringa ønsker at heile Vestlandsregionen blir eitt valdistrikt i stortingsvala.

– Må stole på partia

Gruppeleiar for Rogaland Høgre, Janne Johnsen, meiner partia sjølve vil klare å lage ei god geografisk spreiing dersom dei skal nominere kandidatar for heile Vestlandet.

– Vi må stole på partisystemet, at ein internt i kvart enkelt parti klarer å nominere folk frå ulike delar av den nye regionen, seier Johnsen.

Ho trur det blir feil å lage ein ny region for heile Vestlandet, medan ein samtidig held fast på dei gamle valdistrikta.

Janne Johnsen på Sunnfjord hotell

TRUA PÅ PARTIA: Janne Johnsen trur partia klarer å fordele rettferdig.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Korleis ville vi ha organisert ein ny region, viss det var våre eigne fylke vi skulle organisert éin gong til, ville vi då hatt mange valdistrikt internt i kvart enkelt fylke? Det ville vi nok ikkje.

Ho meiner det må vere enkelt for alle når ein lagar noko nytt.

Mykje er usikkert

Kommunaldepartementet arbeider mellom anna med ein modell med ti regionar, og eitt valdistrikt per region. Det må ein grunnlovsendring til for å endre valdistrikta, og det kan gå mange år før ei eventuell ny ordning kan vere på plass.

Men dersom det skjer, er det mange konsekvensar ein ikkje kan føresjå, ifølge Yngve Flo, som er historikar på Rokkansenteret i Bergen.

– Det er ingen garantiar for at Sogn og Fjordane vil få sine fire representantar, så eg forstår at dei er redde for at dei meir folkerike strøka lenger sør vil bruke makta si til å få fram sine kandidatar. Men vi veit ikkje noko om dette, og det kan vere at Sogn og Fjordane får fram uvanleg mange politiske talent, og difor blir overrepresentert, seier Flo.

Historikaren er òg spent på korleis partia vil organisere seg i eit nytt system.

– Vil dei ha hovudkontor i Bergen, vil dei plassere seg andre stadar, vil dei fordele seg på fleire fylke? Det blir spennande å sjå, seier Flo.

Men før dette skal fylkestinga, i desember, bestemme om det i det heile skal bli ein vestlandsregion.