Hopp til innhold

Fryktar ny tunnel vert for dyr

Ein ny rassikker tunnel på rv5 i Kjøsnesfjorden blir langt dyrare enn først rekna med. Det viser nye tal frå Statens vegvesen.

 

Ras Kjøsnesfjorden 14.11.04
Foto: NRK

Prisen uroar jølsterordførar Gerd Dvergsdal så mykje at ho trur oppstarten i 2007 står i fare.

- Eg trur at det vert ganske utfordrande for samferdsledepartementet å finne ei løyving som gjer at vi kan få ein oppstart i 2007. Eg er alvorleg uroa for dei tenkjer at no er prosjektet så dyrt at dei ikkje finn pengar, seier ho.

70 millionar dyrare

Regjeringa med samferdsleministeren i spissen har lenge vore positiv til at det må setjast i verk tiltak på den rasutsette vegen i Kjøsnesfjorden. Det vart ikkje løyvd oppstartsmidlar i revidert statsbudsjett i vår fordi ein ville vente på nøyaktige kalkylar av vegprosjektet. Dei er no Statens vegvesen ferdige med, og det som i utgangspunktet trudde var ein tunnel til omlag 130 millionar kroner er no blitt til eit vegprosjekt på godt 200 millionar.

- Dryg kost

Gerd Dvergsdal
Foto: NRK

 - Denne prisauken er dryg kost for regjeringa, trur Gerd Dvergsdal. Ho har lenge hatt god tru på at dei skal få oppstartsmidlar i statsbudsjettet til hausten. Men etter ein prat med samferdsleministeren er ho ikkje like sikker lenger.

- Samferdsleministeren er ikkje så klar som eg skulle ønskje at ho var. Prislappen kan verte ein alvorleg bøyg, men eg håpar at det ikkje skjer, seier Dvergsdal.