Fryktar neste storflaum - vurderer strakstiltak i Lærdalselva

Lærdal kommune vurderer no kva strakstiltaket som må settast i verk i Lærdalselva etter storflaumen i fjor haust.

Synfaring i Lærdal

PÅ SYNFARING: Lærdal kommune vurderer kva som må gjerast i Lærdalselva etter storflaumen i 2014.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det er ganske mykje som må gjerast. Det blir mykje arbeid, og så har vi uroa for kva som skjer ved neste flaum, for at vi får ein vårflaum det veit vi, seier ordførar Jan Geir Solheim.

I oktober 2014 opplevde fleire kommunar i fylket den verste skadeflaumen i manns minne. Lærdal i indre Sogn var ein av kommunane som var hardast råka. Ein ting er dei direkte skadane på hus og eigedom som følge av flaumen i fjor, men flaumen førte og til at det har bygt seg opp store massar fleire stader i Lærdalselva.

NVE var på synfaring med kommunen for å vurdere tiltak i Lærdalselvi etter oktoberflaumen.

– Det som er heilt sikkert er at elva ikkje klarar å ta i mot like mykje vatn som før slik den ligg no. Spørsmålet kor alvorleg det er, seier ein uroa ordførar.

Synfaring

Måndag var ordføraren og representantar for blant anna NVE på synfaring langs elva, førebels har dei ikkje oversikt over kor mykje som må gjerast. Men det er snakk om mange 1000 kubikk med massar som eventuelt må fjernast

Ordførar Jan Geir Solheim

UROA FOR VÅRFLAUMEN: Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (SP).

Foto: Picasa

– Berre på den eine staden vi var på er det snakk om 1500 kubikk, og slike plassar er det mange av.

Det som gjer arbeidet utfordrande er at det er mange partar involvert. Østfold energi har stått for kraftutbygging i kommunen, og har dermed eit visst ansvar i elva, I tillegg kjem grunneigarar og NVE.

– Her blir det både eit spørsmål om kor mykje vi kan krevje av NVE og staten, og så er grunneigarane som må ta omsyn til lensmannskjønn og den biten, så det blir komplisert.

Strakstiltak

Etter synfaringa måndag håpar Solheim å ha eit svar i løpet av nokre dagar på kva strakstiltak som gjerast.

– Det blir å fjerne massar ute i hovudelva der det er naudsynt, og så blir det å plastre elva på sidene der det er skadar på elvekantane. Det har vi allereie byrja med ein stad, men det er høgst sannsynleg fleire stader der det trengst.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.