Hopp til innhold

Fryktar NAV-rot kan svekke lokal arbeidskraft

Auka bruk av gjestearbeidarar kan bli konsekvensen dersom ikkje tilsette i fiskeindustrien får dagpengane dei har krav på medan dei er permitterte. Det uroar sjømatnæringa.

Fiskeforedling, filetering

TILSETTE FORTVILAR: Mange tilsette i fiskeindustrien langs heile kysten har ikkje fått betalt ut dagpengar i periodane dei har vore permitterte i år.

Foto: NNN

Utanfor sesongen stengjer fiskeforedlingsbedrifter heilt ned, og arbeidarane vert permitterte. Vanlegvis får dei i denne perioden dagpengar ifrå NAV, men i år har tilsette i fiskeindustrien langs heile kysten mista støtteordninga.

– Om dette held fram så ser eg føre meg at vi må begynne å rekruttere på ein annan måte, seier Henry Reiersen ved fiskeforedlingsbedrifta Pelagia AS.

Framleis ikkje svar frå NAV

Det starta då NAV byrja å telje arbeidstimar på ein ny måte i samband med utbetaling av dagpengar. Men ifølgje fleire i næringa vert endringa praktisert ulikt på ulike NAV-kontor. Det har ført til at nokre får dagpengar, medan andre står utan.

Daniel Henriksson

OPPGITT: Hovudtillitsvald Daniel Henriksson ved Pelagia i Måløy fortel at dei tilsette der står utan dagpengar, medan dei ved Pelagia i Florø får pengane.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Det er eit lotteri kvar gong ein ringer NAV, om ein pratar med tre ulike sakshandsamarar, får ein gjerne tre ulike svar. Heile systemet er eit einaste rot, seier hovudtillitsvald Daniel Henriksson ved Pelagia i Måløy, der tilsette står utan dagpengar.

NAV lova å komme med meir informasjon onsdag, men onsdag ettermiddag jobba dei framleis for å finne ei løysing. Dei har også sett Arbeids- og velferdsdirektoratet på saka.

– Vi vart overraska over at desse arbeidarane fekk avslag på sine søknader om dagpengar, sjølv om dei tidlegare har fått det innvilga. Vi jobbar intenst med å finne ut om det her har blitt gjort ein feil, sa pressekontakt i NAV, Frode Henden, til NRK tidlegare.

Pelagia Måløy

STÅR UTAN PENGAR: Fleire tilsette ved Pelagia i Måløy på besøk ved bedrifta dei no er permitterte frå - og det utan nokon form for løn.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Sparar på å bruke lokal arbeidskraft

Reiersen i Pelagia seier det er ei stor styrke å bruke mest mogleg lokal arbeidskraft, noko som no er sett på spel.

– Då kan storparten oppgåvene frå før av når sesongen startar. Vi sparar ein del opplæringskostnad og overvaking, seier han.

Også Norske Sjømatbedrifters Landsforening er kritiske til NAV-rotet.

– Vi reagerer jo negativt på det sjølvsagt, og særleg på at det er ulik tolking frå eitt NAV-kontor til eitt anna, seier leiar Svein Reppe.

Ber arbeidsministeren kome på banen

Fleire politikarar har også engasjert seg i saka.

Stortingsrepresentant og næringspolitisk talsmann for SV, Torgeir Knag Fylkesnes, krev at arbeidsministeren kjem på banen.

– Det er ein håplaus situasjon for dei som vert ramma. Det er rett og slett rotete at det er ulik praksis på dei ulike kontora.

Sveinung Rotevatn (V)

STØTTAR NÆRINGA: Stortingspolitikar Sveinung Rotevatn (V).

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Stortingspolitikar i arbeids- og sosialkomiteen, Sveinung Rotevatn (V) seier systemet skal støtte opp om næringar som er sesongavhengige.

– Viss ein ikkje får tryggleik bak denne typen ordningar, vil det sjølvsagt kunne føre til svikt i rekrutteringa, og gjere det vanskeleg å drive lønsamt. Så her må systema snakke saman, og eg håpar og trur at NAV gjer den jobben dei skal gjere.