Hopp til innhold

Vil ikkje berre ha lys i enden av tunnelen

Mange tunnelar på Vestlandet har lenge vore delvis mørklagde. – Det må vere flautt for dei som bestemmer, seier yrkessjåfør Sigmund Folkestad.

Mange tunnelar på Vestlandet har stått lenge utan lys.
Yrkessjårane fryktar alvorlege ulukker...

SJÅ TV-SAK: Mange tunnelar på Vestlandet har stått lenge utan lys. Yrkessjåførane fryktar alvorlege ulukker. – Det er aldeles ei skam at vi ikkje blir prioritert å få lysa i orden, seier bussjåfør Sigmund Folkestad.

I ei årrekkje har Sigmund Folkestad køyrt gjennom Kvernhaugtunnelen i Høyanger.

Siste par åra har dei 10–12 daglege turane vore gjennom ein delvis mørklagd tunnel. Folkestad fryktar alvorlege ulukker.

– Vi har bussen full i skuleborn. Når du ikkje ser skikkeleg og ikkje får plassert bussen skikkeleg der du skulle ha gjort, så er det tungt å ha det ansvaret, seier Firda Billag-sjåføren.

13 mørke tunnelar

Torbjørn Hetlevik

TRYGT: Torbjørn Hetlevik hos Statens vegvesen meiner det er trygt å køyre gjennom dei mange delvis mørklagde tunnelane.

Foto: NRK

Den 1 334 meter lange tunnelen er ikkje åleine. Lampene i taket er av tekniske årsaker ute av drift i 13 av dei nær 500 tunnelane i tunnelfylka Hordaland og Sogn og Fjordane.

Byggjeleiar Torbjørn Hetlevik hos Statens vegvesen forstår frustrasjonen og lovar «lys i enden av tunnelen».

– Materialvala som vart gjort frå 1990 til 2000 var av høvesvis dårleg kvalitet. Sidan 2000 vart det forbode å bruke dei materialvala, så no jobbar vi fortløpande med å få det oppdatert, seier han.

– Tunnelane er trygge

Vegstellet har rigga til anleggsbelysning for å prøve å betre på lysforholda i tunnelane. Oppgraderingsarbeidet starta for tre år sidan, og vil venteleg vere ferdig i 2017.

– Eg forstår at dei tykkjer det er utriveleg, og at dei føler at det går på tryggleiken laus. Men vi som etat meiner dei er trygge, legg Hetlevik til.

Sjølv om det er vanskeleg å finne pengar, vil fylkesordføraren i Sogn og Fjordane gjere det ho kan for å få fortgang i arbeidet.

Åshild Kjelsnes

FORTGANG: Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) ynskjer at det skal bli lys i tunnelane att.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

– Vi er eit fylke som har mykje tunnelar. No blir det satsa noko frå regjeringa på det, men vi har også eit generelt stort etterslep på fylkesvegnettet som gjer at det er utfordrande for oss, seier Åshild Kjelsnes (Ap).

– Det må vere flautt

Folkestad håpar noko skjer – og det så raskt som mogleg. I Kvernhaugtunnelen skal arbeidet etter planen ta til i haust.

– Vi har opplevd at det har kome syklistar inni som du ikkje ser i det heile. Det er ikkje alle som har lys. Det ville vere tragedie å køyre på ein syklist, seier han.

– Eg tykkjer det er tragisk og det må vere flautt for dei som bestemmer. Utbetring må skje helst med ein gang, avsluttar han.