Hopp til innhold

Fryktar meir ulv på Vestlandet

– Eg er redd for at det blir opna for meir ulv på Austlandet. Det vil føre til at det trekkjer skadedyr vestover, seier Alexander Øren Heen (Sp). I dag blir den såkalla ulvemeldinga lagd fram.

Aleksander Øren Heen

ER REDD FOR MEIR ULV: Leiar Aleksander Øren Heen i rovviltnemnda for Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Øren Heen er leiar i rovviltnemnda for Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder, og han er spent på kva klima- og miljøvernminister Vidar Helgesen legg fram i føremiddag.

– Det er spennande også for Vestlandet sin del å sjå kva ulvepolitikk som blir ført. Det er i hovudsak på Austlandet det er mykje ulv, men det vi ser er at når bestanden aukar spreier ulven seg utover større område.

Mellom anna har ulv teke sauer fleire stader i Sogn og Fjordane dei siste åra. I desember 2014 vart ein ulv skoten i Naustdal.

Ulv skutt i Naustdal

SLIK ENDA DET ULVELIVET: I desember 2014 vart denne ulven skoten i Naustdal.

Foto: Stein Mortensbakke

– Redd for auka bestandsmål

– Den politikken som blir ført rundt ulv på Austlandet har innverknad også på situasjonen i Sogn og Fjordane. Eg er redd for at dei aukar bestandsmålet som ligg der. Det kan føre til auka innvandring av ulv i område som Stortinget har sagt skal vere beiteprioriterte område, seier Aleksander Øren Heen.

Han viser til at unge hannulvar må ut av området dei er fødde i for å finne sitt eige revir.

– Det er ei utvikling vi er urolege for. Det er mykje beitedyr i vårt fylke, og Stortinget har sagt at dei skal ha prioritet her.