Hopp til innhold

Måsen er på flyttefot - jegerar fryktar måsen skal spreie parasittar

Måsen flyttar seg stadig lenger inn i landet og høgare til fjells. Jegerar fryktar no at måsen skal spreie parasittar ved fiskevatn i fjellet.

Hissig måse

PÅ FLYTTEFOT: Jegerar i Sogn er uroa over at stadig fleire måsar verkar å flytte til vatn høgt til fjells.

Foto: Rolf Mortensen

Den kvite sjøfuglen er på flyttefot. Stadig fleire måsar flyttar innover i landet, vekk frå kysten. I Aurland i indre Sogn har jegerar stadig oftare registrert måsen ved fiskevatna i fjellet.

Den lokale leiaren i Jeger- og fiskeforeininga er uroa for at måsen skal dra med seg parasittar.

– Vi fryktar måsen skal dra med seg parasittar, og det er noko vi ikkje ønskjer, seier leiar i Aurland Jeger- og fiskeforeining, Rune Aasen til NRK.no.

Måsen tvinga innover i landet

Kampen for mat har ført måsen til nye jaktmarker. Over fleire tiår har kysten gått frå å vere eit matmekka for måsen, til å bli eit tomt fat.

Det har tvinga måsen innover i landet. I Aurland kan ein sjå måsen langs fiskevatna i fjellet.

– Dei som jaktar og har vore mykje til fjells, seier dette er ei aukande problem. Før såg ein nesten aldri måse i fjellet, og vi trur meir mat i fjellvatna no enn før er del av forklaringa, seier Aasen.

Fryktar måsen skal spreie parasittar

Aasen understrekar at det ikkje er talet på måsar som er eit problem. Problemet er at måsen flyttar seg til stader der den ikkje høyrer heime.

– Det er heilt tydeleg at måsen er reist til fjells for å finne mat. Men vi fryktar den skal ha med seg parasittar og spreie dette til fiskevatna, noko som ikkje vil vere bra, forklarar Aasen.

Trur måsen et rypeegg

Og det er ikkje berre parasittane måsen kan dra med seg jegerane er uroa for. Folk som ferdast i fjellet har også sett måse som herjar med reira til rypa.

– Vi trur den tek både egga og kyllingane til rypa. Dei som jaktar rype seier det vert stadig mindre rype, så dette er noko vi er uroa for, seier Aasen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Vil ha slutt på måke-jakt

TV: Vil ha slutt på måke-jakt.

– Dette er ikkje noko stort problem

Men hos Miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane delar dei ikkje jegerane si uro.

– Dette ser vi ikkje som noko stort problem, seier rådgjevar Tore Larsen til NRK.no.

Han fortel at dei sidan 80-talet har registrert ein sterk nedgang i hekkebestanden på kysten. Sidan då har måsen trekt innover i landet.

– Det har gjerne vore lite næring og dårlege forhold langs kysten, og måsen har funne betre forhold inne i fjordane og enkelte fiskemåsar har også etablert seg ved fjellvatn, seier Larsen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Måsar på jorde

MÅSAR PÅ JORDE: Også lang inne i landet kan ein no sjå store flokkar med måse.

Foto: Rolf Sanne-Gundersen / NRK

Trur ikkje måsen spreier parasittarparasitter

Fiskemåsen er ein av artane som er på raudlista for trua dyreartar. Det vil difor komme ei forskrift som ikkje lenger gjev kommunane løyve til å felle måsar som er aggressiv eller plagar folk.

Larsen meiner jegerane ikkje treng uroe seg for at måsen tar med seg parasittar til fisken i fjellvatna.

– Eg er usikker på kor stort dette problemet er i praksis. Parasittane som måsen eventuelt tek med seg frå saltvatn vil ikkje trivst i ferskvatn, seier Larsen.

Men i tilfelle der det finst parasittar i ferskvatna i fjellet vil måsen kunne spreie parasittar mellom desse vatna.

– Men det er ikkje så mange måsar i desse områda, så sjølv om måsen vil kunne spreie parasittar vil det vere så få måsar at dette får liten effekt totalt sett, seier Larsen.

Jegerane er uroa

Dermed blir ikkje lett å få flytta måsen vekk frå fjellet og fjellvatna. Og for jegerane i Aurland er det lite hjelp å få.

– Vi registrerer at det stadig vert meir måse i fjellet, og det uroar oss. Men om vi får gjort noko med det er ei anna sak, vedgår Aasen.

Synest du det er greitt at det blir meir måse til fjells? Sei meininga di i kommentarfeltet under, eller tips oss på e-post: sf@nrk.no.