Hopp til innhold

Fryktar lokalsjukehusa forsvinn

Forkjempane for lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal fryktar at ein på sikt vil ende opp med eit lokalsjukehus i Sogn og Fjordane.

For å spare inn 60 millionar kroner vedtok styret i Helse Førde i går ei lang kuttliste, som vil få dramatiske følgjer for helsetilbodet i fylket.

Leiar i Forsvar Lærdal sjukehus, Bente Øien Hauge, trur dei omfattande kutta i går kan vere første steg som gjer at lokalsjukehusa forsvinn.