Hopp til innhold

Fryktar livsverket skal bli jamna med jorda

SOGNDAL (NRK): Kristina Flugeim og Geir Arne Lomheim har lagt ned mykje tid og krefter i oppussing av det verna trehuset i Sogndal sentrum. No står dei i fare for å miste heimen sin til ei storstilt utbygging av leilegheiter.

Geir Arne Lomheim og Kristina Flugeim i den gamle smia i kjellaren sin

GAMMAL SMIE: I kjellaren har Geir Arne Lomheim og Kristina Flugeim ei gammal smie med alt verktøy og utstyr intakt. Paret er redd for kva som vil skje med dei gamle trehusa i Sogndalsfjøra i samband med den store utbygginga av leilegheiter i Sogndal.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Vi har prioritert bort mykje fritid, helgar og feriar. Dette er på ein måte livsverket vårt. Då er det ekstra tungt å sjå at det plutseleg ikkje er verneverdig lenger, seier Geir Arne Lomheim.

Saman med Kristina Flugeim viser han NRK rundt i det gamle trehuset i strandsitjarmiljøet i Sogndalsfjøra. Her har småbarnsforeldra teke vare på alt det gamle i samsvar med reglane for vern av husa i området. Heile kjellaren er ei gammal smie.

– Vi går og er redde i kvardagen

Men no er kommunen i ferd med å vedta ein reguleringsplan som opphevar vernet. Målet er å leggje til rette for bygging av bustadblokker på den såkalla Lerumstomta, der det kan komme opp mot 150 leilegheiter fordelt på tre blokker. Bygga kan bli 36 meter høge.

Kloss i fabrikken til Lerum ligg huset til Lomheim og Flugeim.

– Når vi fell ut av verneplanen, seier det seg sjølv at kommunen kan ekspropriere huset om det blir naudsynt for utbygginga. Det påverkar kvardagen vår, og vi går og er redde, seier Flugeim.

– Fryktar de å gå med i dragsuget?

– Ja, det er klart. Det må jo vere ein grunn til at kommunen vil oppheve vernet, seier Lomheim.

Geir Arne Lomheim og Kristina Flugeim framfor huset sitt i Fjøra

HEIMEN: – Dette er ikkje berre eit hus for oss. Det er heimen vår. Vi kan ikkje sjå for oss å bu ein annan stad, seier Kristina Flugeim og Geir Arne Lomheim.

Foto: Rune Fossum / NRK

Er skuffa over politikarane i kommunen

Sogndal ventar 3000 fleire innbyggjarar innan 2030 , og har stort behov for fleire bustadar. Difor legg den nye reguleringsplanen opp til fortetting og høg utnyttingsgrad i sentrum. Her spelar også Lerum ein sentral rolle, då dei gjerne vil flytte all aktiviteten sin til Kaupanger. Veidekke vil kjøpe tomta for å bygge bustadblokker.

Men for å få økonomi i dette, må dei ha totalt 12.000 kvadratmeter. Det ønskjer kommunen å gje klarsignal for. Eit samrøystes forvaltningsutval har sagt ja til planane, som medfører at tre gamle trehus i området ikkje lenger blir verna.

– Eg skjønar ikkje at ikkje fleire politikarar ser verdien av å bevare trehusmiljøet. Det skuffar meg, seier Lomheim og meiner det er eit stort engasjement rundt saka.

Paret har no starta å samle underskrifter for å halde oppe vern av trehusmiljøet.

Gammalt framskap i huset til Geir Arne Lomheim og Kristina Flugeim

GAMMALT: Geir Arne Lomheim og Kristina Flugeim har teke vare på mykje av det gamle i huset. Her er eit framskap frå 1905.

Foto: Rune Fossum / NRK

Meiner omsynet til storsamfunnet er viktigast

Astrid Hove er leiar i forvaltningsutvalet i Sogndal kommune. Ho meiner det vil vere bra for Sogndal å få flytta Lerum sin fabrikk ut av sentrum og få erstatta denne med leilegheiter. Lerum er avhengig av denne løysinga for å få økonomi til å flytte.

– Det er viktig for arbeidsplassane, og viktig for samfunnet å få bort tungtrafikken i sentrum. Alternativet er at Lerum byggjer ut i større grad der dei er i dag, seier Hove.

– Er det vert å risikere trehusa for dette?

– Det er ikkje sagt at trehusmiljøet skal bort, og det er heller ikkje eit ønske. Det er detaljreguleringsplanen som vil leggje føringar for det.

– Kan du forstå at dei som bur der er uroa?

– Ja, det har eg stor forståing for. Det er ikkje hyggjeleg å ha ein eigedom som står i fare, seier Hove og legg til at det beste for alle er om Veidekke slepp å ta bort trehus i det heile teke.

Huset vert kalla Smed-Flaten, og ligg vegg i vegg med Lerum i Sogndalsfjøra

STORE PLANAR: Her ligg det såkalla Smed-Flaten-huset til Lomheim og Flugeim. Til høgre i biletet ligg Lerum.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Feil å ha blokker i historisk strandsitjarmiljø

Slekta til Kristina Flugeim har budd i huset heilt sidan tippoldeforeldra hennar på starten av 1900-talet. Sjølv trakka ho mykje i huset då besteforeldra hennar dreiv småbruket.

Ho har sterke kjensler knytt til staden og smia som ligg i kjellaren.

– Vi har gjort alt for å ta vare på huset, og tok alle omsyn til vernet då vi søkte om å ordne på det. Men så snart kommunen sjølv har behov, er det ingen problem å oppheve vernet, seier Flugeim oppgitt.

– Kva med storsamfunnet sitt behov for leilegheiter?

– Eg ser den, men eg synest det er feil å ha så store blokker som går utover eit historisk strandsitjarmiljø. Det må finnast andre måtar å gjere det på, seier Lomheim.

Kommunestyret i Sogndal skal ta endeleg stilling til saka kommande veke.

Gammalt foto av Lerumstomta

VEGG I VEGG: Trehusa rett bak Lerum-fabrikken får oppheva vernet i samband med planane om utbygging. Huset til Flugeim og Lomheim ligg rett bak til venstre for fabrikken på dette gamle biletet.