Hopp til innhold

Fryktar liv kan gå tapt når trafikken korkar seg på «Norges verste veg»

Det må lagast eigne beredskapsplanar for å sikre innbyggjarar og bilistar langs fylkesveg 60 Olden-Innvik når trafikken korkar seg. Det kravet kjem frå leiar Jogeir Agjeld i Trongeråsen grunneigarlag.

Kaos på Olden - Innvik.

KAOS: Måndag ettermiddag var det kaotiske tilstandar på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik. Innbyggjarar langs vegen fryktar liknande situasjonar kan føre til at liv går tapt i verste fall.

Foto: NRK.no-tipsar

Måndag ettermiddag korka det seg på nytt på det som tidlegare er kåra til den verste vegstrekninga i Norge. Som følgje av at ferjesambandet Lote-Anda var innstilt var trafikken på fylkesveg 60 ekstra stor, noko som førte til kaotiske tilstandar.

I årevis har innbyggjarar i området, vegfarande, politikarar og næringsdrivande kravd at noko vert gjort for å betre situasjonen. Agjeld ser med skrekk og gru på framtida.

– Situasjonen på denne strekninga kjem berre til å bli endå verre når Kvivsvegen opnar i 2012. Dersom noko skulle skje med folk langs vegen medan trafikken står kan det få fatale konsekvensar, seier Agjeld oppgitt.

– Det er uendeleg seigt å få løyst opp i

Sjølv om fylkesvegen 60 Olden-Innvik har blitt utbetra i etappar dei seinare åra, er det framleis mykje som står att, meiner grunneigaren – som uroar seg for framtida.

Enkelte bilistar vart måndag ettermiddag ståande timevis i kø og politiet kom etter kvart til staden for å dirigere trafikken.

– Det var fullt kaos og trafikken var stilleståande, seier Agjeld.

På grunn av tekniske problem vart ferjesambandet Lote-Anda innstilt frå klokka 12 måndag. Både tungbiltrafikk, personbilar, bussar og campingturistar valde då fylkesveg 60 i staden.

Ferja gjekk som normalt frå klokka 17, men ikkje før i 19-tida måndag kveld kunne politiet reise frå staden.

– Dette viser kor uendeleg seigt det er å få løyst opp korken når dette først skjer på denne vegstrekninga, seier Agjeld.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegen Olden-Innvik

SMAL: Det er fleire smale parti på vegen mellom Olden og Innvik i Nordfjord.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Fryktar liv kan gå tapt

Agjeld seier det stadig vekk er store trafikale problem på vegen, men at det heldigvis går lengre tid mellom slike kaotiske tilstandar som ein opplevde i går.

Kvivsvegen vil binde saman Nordfjord og Sunnmøre og er venta å opne hausten 2012. Agjeld fryktar trafikken på fylkesveg 60 Olden-Innvik bil auke monaleg og meiner det berre er eit tidsspørsmål før det går alvorleg gale når trafikken korkar seg.

– Vi som bur her er uroa både for vår eigen tryggleik og for dei som ferdast på vegen. Når vegen vert totalt stengd er vi innesperra. Det same gjeld for mange av dei som står i køen. Skulle fastbuande eller dei som står i stampe i trafikken få behov for ambulanse eller til dømes brannbil vil det kunne ta lang tid før desse når fram. I verste fall vil ein slik situasjon kunne ha dødeleg utgang, seier Agjeld.

Vil ha eigen beredskapsplan

Han krev at noko vert gjort og vil ha eigne beredskapsplanar for å sikre både fastbuande og bilistar.

– Ein må lage seg planar for korleis ein skal gjere det dersom det oppstår kritiske situasjon som til dømes sjukdom hos anten oss som bur langs vegen eller dei som køyrer på vegen, seier Agjeld.

Han meiner det i tillegg bør gjerast vurderingar for korleis ein raskare kan dirigere trafikken når det er stor trafikk på strekninga.

– Eg håpar politikarane snart skaffar til vege pengar som kan gjere at heile vegen vert utbetra.

– Vi har fleire moglege alternativ

Stian Sægrov

LØYSINGSORIENTERT: Stian Sægrov som er ambulansesjef i Helse Førde seier dei har fleire moglege alternativ dersom dei må rykke ut til ei hending langs strekninga Olden-Innvik.

Foto: Kristine Ramberg Aasen / NRK

Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, forstår at folk som bur langs fylkesveg 60 Olden-Innvik er uroa over situasjonen. Samtidig er han tydeleg på at naudetatane i fylket har eit beredskapssystem som inneber at dei har fleire ulike ressursar dei kan nytte i ulike område.

– Når det gjeld denne strekninga vil vi kunne rykkje ut med ambulanse frå begge kantar. Vi har også tilgjengeleg ein båt i Stryn og når vêret tillet det kan vi nytte helikopter, seier Sægrov.

Han vil ikkje overdramatisere situasjonen, men vedgår at det ikkje er noko ønskt situasjon at det oppstår kork på vegstrekninga. Om det er behov for ein eigen beredskapsplan slik Agjeld meiner, er han litt meir usikker på.

– For så vidt kunne det vore laga ein slik plan. Men eg meiner kommunane og naudetatane allereie har eit oppegåande beredskapsplanverk, seier Sægrov.