Hopp til innhold

Fryktar landsmenn blir sende attende til tortur

Mohammed Zale Ali frå Eritrea, som for tida bur i Førde, fryktar tortur og fengsling for mange landsmenn dersom dei vert tvangsreturenerte til heimlandet hans.

Mohammed Zale Ali

REDD: Mohammed Zale Ali er redd for konsekvensane viss eritrearar vert tvangssende heim.

Foto: Bård Siem / NRK

Eritreiske asylsøkjarar kan bli tvangsreturnerte allereie i år dersom Norge får i stand ein returavtale med landet. Statssekretær i Justisdepartementet Jøran Kallmyr (Frp) reiser til Eritrea i juni og målet er å få på plass ein avtale.

Dersom Eritrea held løftet sitt om å korte ned nasjonaltenesta til 18 månader, kan opphaldsgrunnlaget til svært mange eritrearar i Norge kan falle bort.

– Utgangspunktet har vore at mange eritrearar har fått opphaldsløyve i Norge på grunn av ei veldig lang nasjonalteneste i heimlandet. Dersom dette opphaldsgrunnlaget fell vekk og det ikkje er andre grunnar til å gje opphald i Norge, er utgangspunktet at dei vil misse opphaldsløyvet sitt. Vi gjer ikkje dette utan at det har observatørar på plass som kan stadfeste endring, seier han.

Meiner det er stor fare for tortur og fengsel

Utanlandssjef i Norsk Folkehjelp, Kathrine Raadim, er svært kritisk.

– Korkje FN eller nokon andre tilrår å sende nokon attende til Eritrea. Dei fordi det er stor fare for å bli møtt med tortur og fengsel når ein kjem attend etter å ha søkt asyl i Norge, seier Raadim.

44 år gamle Mohammed Zale Ali frå Eritrea har budd i Norge i meir enn tre år, noko som har sikra han permanent opphaldsløyve. Han kan difor ikkje bli send ut sjølv, men er no redd for at tusenvis av landsmenn som har vore i Norge under tre år kan bli sende ut av landet til ei svært utrygg framtid i Eritrea.

– Nei, det er ikkje bra. Det er stor fare for at dei som kjem attende til Eritrea blir sette i fengsel, seier han. Zale Ali bur og jobbar i Førde.

Ønskjer å reise heim, viss det er trygt

Det eksakte talet på eritrearar i Sogn og Fjordane er usikkert, men det er snakk om fleire hundre. Berre i Flora bur det 106 eritrearar. Dagleg leiar ved Norsk Folkehjelp sitt mottak i Jølster, Grete Apelseth, fortel det er 15 eritrearar ved mottaket.

– Mange fryktar no kva som vil skje, seier Apelseth.

Grete Apelseth

URO: Dagleg leiar ved Norsk Folkehjelp sitt mottak i Jølster, Grete Apelseth, fortel at mange ved mottaket no fryktar for framtida.

Foto: Bård Siem / NRK

Apelseth fortel vidare at dei fleste eritrearar faktisk ønskjer å reise attende til heimlandet, men at det då må det er trygt der.

Eritrearane som har vore i Norge i over tre år og har fått permanent opphaldsløyve vil ikkje kunne bli sende ut av landet.