NRK Meny
Normal

Fryktar laksekatastrofe i Lærdalselvi etter kraft-tabbe

Fiskarar og grunneigarar fryktar at fleire generasjonar av laks og sjøaureyngel i Lærdalselvi kan ha gått tapt etter at Østfold Energi tappa ned elva for mykje ved ein feil.

Daud yngel i Lærdalselvi

DAUD YNGEL: Mark Brooks fotograferte den daude fisken måndag morgon. Han fortel at det låg tusenvis av daud yngel over alt.

Foto: Privat

Måndag morgon blei eit område i elva tappa ned langt under minstekravet på 10 kubikkmeter i sekundet. Tilbake låg det hopetals med daud fisk i ein av dei mest kjende og eksklusive lakseelvene i landet.

Det var fiskaren og jegeren Mark Brooks frå Lærdal som oppdaga at det låg tusenvis av daud yngel og at elva var kraftig nedtappa.

– Eg var grytidleg ute på hjortejakt og sat på post ved elvekanten. Medan eg sat der vart det brått stilt rundt meg. Elvesusen forsvann og store delar av elva vart tørrlagt, seier han.

Brooks fortel at elva såg ut som ein liten bekk i høve det den skal vere.

– Eg kunne ikkje tru mine eigne auge. Det låg tusenvis av yngel og sprella på land, seier han til NRK.

Mark Brooks

SJOKKERT: Mark Brooks trudde ikkje sine eigne auge.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Legg seg flat for kritikken

Det låge vassnivået i elva varte i nærare to timar og Østfold Energi legg seg no heilt flate etter tabben.

– Det som har skjedd er svært beklageleg. Vi korrigerte vassføringa så snart vi vart merksame på at vassføringa var under nivået, og vi jobbar no med å finn ut kva som var årsaka til denne droppen i vassføringa, seier Oddmund Kroken som er administrerande direktør i Østfold Energi.

– Elveeigarane fryktar no at fleire årskull med laks kan ha gått tapt?

– Ja, og det er trist. No veit vi ikkje omfanget av dette, men i morgon kjem vi til å ha eit møte med Lærdal kommune og eleveigarlaget for diskutere det som har skjedd og finne ut kva skadar som har forårsaka dette, seier Kroken.

Daud yngel i Lærdalselvi

DRAMATISK: Mangeårig fiskar i Lærdalselvi, Mark Brooks, tok sjølv dette bildet då han oppdaga at det låg tusenvis av daud yngel i elva.

Foto: Privat

Har orientert NVE

Østfold Energi varsla straks om nedtappinga av elva til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) slik dei er pålagt. Regiondirektør Brigt Samdal stadfestar at NVE er orientert om situasjonen.

– Vi forsøke no å skaffe seg oversikt over situasjonen. Vi kan førebels ikkje seie noko om kva vi gjer vidare med saka, seier Samdal.

Lærdal kommune er også orientert om den dramatiske hendinga og både i dag og i morgon er det varsla fleire møte mellom ulike partar i saka.

Var råka av parasitt i fleire år

Lærdalselvi i Sogn har i generasjonar vore ei av dei best kjende lakseelvene, og har vore favorittelva til kong Harald. NRK lag ein dokumentar om elva i 2015.

Elva var i fleire år sperra for laksefiske etter funn av den frykta parasitten gyrodactylus salaris i 1996. Dei siste to åra har fisket i elva tatt seg opp att til gamalt nivå.

Norsk dokumentar. Den vakre elva gjev identitet og stolthet til folket som bur der og er livsnerven i ein heil kommune. Vatnet held liv i ei av Norges viktigaste fruktbygder og fiskarar kjem langvegsfrå for å få den berømte lærdalslaksen på kroken.
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå