Hopp til innhold

Flyplassar kan bli kutta i dag - Avinor presenterer framtidas flyplassar

SANDANE (NRK): Næringslivet i Sogn og Fjordane fryktar at lokale flyplassar står på Avinor si kuttliste. I dag presenterer selskapet sitt forslag til kor mange flyplassar dei meiner staten bør sjå seg råd til å betale for.

Sandane lufthamn Anda

UNDER LUPA: Sandane lufthamn Anda er ein av 17 flyplassar som får framtida vurdert i ein ny rapport frå Avinor i dag.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Det blir ein veldig spennande dag. Vi håpar at dei vel å bevare Sandane lufthamn saman med dei tre andre luthamnene i fylket, seier Ingvill Hestenes som er dagleg leiar i Melin Medical på Sandane.

Selskapet leverer betalingsautomatar til helsevesenet, og har hovudkontor på Sandane i Nordfjord. Herfrå er det 10 minutt til nærmaste flyplass i dag, nettopp det var ei viktig årsak til at bedrifta med 60 tilsette plasserte hovudkontoret sitt i Gloppen.

– Vil bremse investeringslysta

Ei nedlegging av Sandane lufthamn Anda kan ha motsett effekt på satsinga, då blir reisetida til nærmaste flyplass rundt to timar.

– Det kan heilt klart vere med å bremse investeringa på Sandane framover. Det opplever eg som litt rart. Når vi ser at fylket er fylt av guts og engasjement, og eit næringsliv som ønskjer å satse, så kvifor skal ikkje det offentlege legge til rette for ein god infrastruktur slik at det kan skje, undrar Hestenes.

Ingvill Hestenes

SATSAR I NORDFJORD: Ingvill Hestenes i Melin Medical har satsa i Nordfjord, mykje på grunn av nærleiken til flyplassen på Sandane.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

I dag vil Avinor legge fram sin rapport om framtida sin flyplasstruktur for kortbaneflyplassane over heile landet, med unnatak av Nordland og Fagernes som har eigne prosessar. Rapporten skal ut på høyring, og tilrådingane kan bli ein del av Nasjonal transportplan.

Kjempar for kortbanenettet

Melin Medical har kvar einaste veke mange tilsette som treng raskt tilgang til marknadar og leverandørar kring om i Norge og Norden.

– Denne veka har vi fire tilsette på reise, vi har folk frå Danmark og Sverige. Så totalt har vi ein 10–12 reiser denne veka, seier Hestenes.

Også lokalpolitikarane er spente i dag. Svein Ottar Sandal er leiar for interessegruppa for Sandane lufthamn Anda og vil kjempe for kortbanenettet.

– Eg håpar inderleg at Avinor kjem med ei offensiv satsing på kortbanenettet og at det er ein del av det totale nettverket som ein har av flyplassar i Norge, seier Sandal.

Men Avinor har innsparingskrav over seg, og kortbanenettet er dyrt i drift. I tillegg er reisetid og avstandar mellom flyplassar blitt mindre i takt med at vegnettet blir utbygd.

Håpar på politisk fleirtal

Sandal som også er ordførarkandidat for Gloppen KrF håpar at eit fleirtal på Stortinget likevel ikkje vil støtte at kortbanenettet blir redusert.

Svein Ottar Sandal

POLITISK FLEIRTAL: Svein Ottar Sandal er leiar for interessegruppa for Sandane lufthamn Anda.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Politisk trur eg vi har ei god sak. Flyplasstrukturen og kortbanenettet er politisk bestemt så der trur eg vi har gode argument heilt inn til toppane på Stortinget.

Ingvill Hestenes er stolt over at verksemda hennar har suksess med base i Sogn og Fjordane, slik håpar ho det blir også framover.

– Mantra vårt har vore at innovasjonen og verdiskaping kan skje i distriktet. Vi er tydelege på at samarbeidspartnarane våre skal komme til Sandane og sjå og oppleve Nordfjord – bu på hotellet og bruke opplevingane våre her. Debattane som skjer no skaper uvisse i næringslivet.