Hopp til innhold

Fryktar kutt i ambulansetilbodet

Fleire kommunar i Nordfjord er redde for at Helse Førde vil kutte i ambulansetilbodet. Det skriv Firda. Spesielt fryktar dei at utrykkingstida til ambulansebilane skal verte lengre om det kjem kutt. Alt i dag slit Helse Førde med å halde tidskrava. Berre i Gloppen når ikkje eitt av fem ambulanseoppdrag fram innan fristen.