Hopp til innhold

Fryktar kroken på døra for eggproduksjon

BYRKJELO (NRK) Eggbønder fryktar kroken på døra for eggproduksjon på Vestlandet om landbruksmeldinga blir ein realitet. Garantien som sikrar at dei får levert egga er i fare.

Siv Hjelle

EGGPRODUKSJON: Hønene til Siv Hjelle produserer 50 000 egg i veka.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

For seks år sidan investerte Siv Hjelle og ektemannen i Byrkjelo over fem millionar kroner på det ho trudde var ei framtidsnæring.

Hønene hennar produserer rundt 50 000 egg kvar veke.

Til no har bøndene hatt ei marknadsordning som sikrar at dei får levert egga trass i lange avstandar til pakkeria.

Siv Hjelle

PRODUSENT: Siv Hjelle med ei av hønene sine.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Men ifølge forslaga i jordbruksmeldinga kan den såkalla mottaksplikta forsvinne.

Dermed fryktar bøndene i distrikta at dei blir pressa til å legge ned.

Vil sentralisere

– Slik eg les i korta vil regjeringa fase ut fleire og fleire av bøndene ute i distrikta for å kunne sentralisere og gjere det billigast mogleg, seier Siv Hjelle til NRK Vestlandsrevyen.

Reaksjonane har vore sterke. Mellom anna hjå Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag.

– Det er ekstra sterke reaksjonar no fordi vi tek eit klart steg til sida, og det er vi i mot. Og då må vi seie tydeleg ifrå, at no er det nok, seier Felde.

Anders Felde

REAGERER: Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Vedgår belasting

Landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) vedgår at bønder 100 mil unna marknaden kan bli skadelidande.

– Dei fleste produsentane vil kunne halde oppe drifta ei god stund til. Men samstundes vedgår vi at for enkeltaktørar som ligg 100 mil unna marknaden, kan dette bli ei belastning som kan oppstå, seier Dale.

Tanken på å kanskje måtte legge ned drifta, er vond for Siv Hjelle.

– Kva skal vi finne på då? Vi må jo finne på noko med det store, fine bygget vårt. Vi er nøydd til å levere, seier Hjelle.

Diverse bilete frå eggbonde i Byrkjelo. Fryktar nedlegging etter at jordbruksmeldinga vart lagt fram. Bilete frå gard i byrkjelo. Masse høner og egg.

FILM: Sjå innslaget frå Vestlandsrevyen.