Hopp til innhold

Fleire har allereie meldt seg ut av KrF

Berre ein liten time etter at KrF gjekk i regjering, hadde fleire allereie avslutta medlemskapen sitt i partiet.

Gloppen KrF, Audun Mundal

AVSLUTTA MEDLEMSKAPEN: Audun Mundal sa takk for farvel til KrF torsdag kveld.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Torsdag kveld vart det klart at KrF går i regjering med Høgre, Venstre og Framstegspartiet, med knappast mogleg margin .

Medan Erna Solberg (H), Trine Skei Grande (V), Siv Jensen (Frp) og Kjell Ingolf Ropstad (KrF) framleis heldt pressekonferanse om den nye regjeringsplattforma, byrja utmeldingane i KrF å tikka inn.

Fleire utmeldingar

– Eg kan ikkje vera med på eit lag som går i den retninga, seier Audun Mundal, leiar i Gloppen KrF og 2. nestleiar i Sogn og Fjordane KrF.

Han sa til NRK i haust at han måtte vurdera medlemsskapet sitt dersom det vart eit regjeringssamarbeid med Framstegspartiet. No har han meldt seg ut. Nokre partifeller har allereie fulgt etter, og han reknar med det blir endå fleire.

– Eg har allereie fått nokre fleire utmeldingar, og når folk får sett seg inn i kva dette inneber, så reknar eg diverre med at det kjem fleire meldingar om det, seier han.

– Først og fremst er det eit løftebrot på det me lova før stortingsvalet. Diverre er dette veldig negativt for partiet. Me burde sjå mot venstre i norsk politikk, og søka dei verdiane som er der. No gjer me ikkje det, seier Mundal.

Kor mange som har meldt seg ut har partiet førebels ikkje oversikt over.

– Det har me ikkje oversikt over no. Me må ta ei oppsummering av det i morgon, seier kommunikasjonsrådgjevar Dag Andreas Fedøy til nrk.no.

– Eit splitta parti

– Utgangspunktet var at me lova veljarane å ikkje samarbeida med Frp fordi den politiske avstanden var for stor. Utifrå det vesle eg kjenner til av regjeringsplattforma no, så er det nok ein del kamelar som må svelgast, seier Stein Robert Osdal, 1. nestleiar i Sogn og Fjordane KrF og ordførar i Selje kommune.

Selje-ordførar Stein Robert Osdal i Sogn og Fjordane tingrett.

SKEPTISK: Stein Robert Osdal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han fryktar veljarane no vil bli endå færre, og at endå fleire vil melda seg ut av partiet.

– Landsmøtet hadde knappast mogleg fleirtal for å gå i sonderingar, og landsstyret var delt på midten. Det er eit splitta parti som no går i regjering, og det vil bli krevjande for partiet framover, seier han.

– Etter Knut Arild Hareide si landsstyretale i september nærma me oss seks prosent oppslutnad. No er me ned mot tre. No fryktar eg for dei komande vala, som eg trur blir veldig utfordrande for partiet, seier Osdal.