Hopp til innhold

Meiner gruve-nei i Vevring bidreg til endå meir sentralisering

Aksjonær John Helge Lunde i Nordic Mining er ein av dei som taper pengar på eit gruve-nei. Men det som uroar han mest, er arbeidsplassane som står på spel.

John Helge Lunde

PROVOSERT: Aksjonær i Nordic Mining, John Helge Lunde, har tapt pengar. Men seier han er mest oppteken av arbeidsplassane som står på spel.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi ser at i både Norge og resten av verda ei sterk sentralisering. Nei til gruvedrift i Vevring bidreg til meir sentralisering, seier småaksjonæren frå Førde.

Sa førebels nei

Onsdag sa miljøvernminister Bård Vegar Solhjell eit førebels nei til sjødeponi av gruvemasse i Førdefjorden. Den avgjerda har Lunde tapt pengar på, men han seier han er mykje meir oppteken av aktiviteten og arbeidsplassane som står på spel.

– Det er rasjonelt å samle folk i byar, både økonomisk og miljømessig. Det Sogn og Fjordane har å kapatilisere på, er naturressursane. Det er den einaste grunnen til at vi kan bu her. Då må vi sjølvsagt få utvikle dei store moglegheitene fylket har, mellom anna på mineral.

Men det sette altså miljøvernminister Bård Vegar Solhjell ein førebels stoppar for onsdag. Nordic Mining vil vinne ut Rutil frå Engebøfjellet i Vevring. Mineralet blir mellom anna brukt som kvitningsstoff i tannkrem og måling, og førekomsten i Engebøfjellet er enorm.

(Artikkelen held fram under biletet)

Steinbrotet i Engebøfjellet

GRUVEDRIFT: Gruvedrift i Engebøfjellet i Vevring vil skape 300 arbeidsplassar på sikt.

Foto: Illustrasjon: Nordic mining

Fryktar for framtidige arbeidsplassar

Men etter å ha venta eit år på avgjerda, fekk Nordic Mining beskjed om at dei uansett må ta nye prøver i eit år før løyvet til å sleppe ut slam og gruvemasse ut i Førdefjorden kan vurderast på nytt. John Helge Lunde er ein av dei lokale småinvestorane i selskapet.

– Mine aksjar i dette er heilt uvesentleg for meg. Det som er veldig viktig, også økonomisk, er at Engebø representerer 200 industriarbeidsplassar i området. Det vil vere ein veldig viktig tilvekst for området her. Det vil generere store inntekter for Naustdal og Sunnfjord.

Meiner Solhjell utset til etter valet

Lunde har nokre hundre tusen aksjar, som i går var verdt om lag 70 øre stykket etter ein voldsom oppgang då næringsminister Trond Giske la fram den nye mineralmeldinga, og ein endå større nedgang då miljøvernminister Bård Vegar Solhjell sa eit førebels nei til planane.

Lunde seier han har tapt litt pengar på investeringa, men dei økonomiske interessene hans i prosjektet er større som ein av eigarane av entreprenør og byggeselskapet Gravdalgruppen.

– Både Høgre, Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Senterpartiet går inn for dette. Engebø kjem til å bli utbygd, det er eg 100 prosent sikker på. Det er berre eit spørsmål om kor tid. Det som er tragisk, er at vi sit med ein miljøminister frå Naustdal. Han har berre eit mål, å utsetje eit positivt ja til etter valet.

– Du seier vi har berre naturressursane å leve av. Er du ikkje redd for å at matfatet vårt skal bli øydelagd?

– Jo, og då må vi sjølvsagt og difor må vi gjere grundige undersøkingar. Det er vel ei ikkje ei mineralsak som er meir utgreidd enn dette, seier Lunde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjorddeponiet i Førdefjorden

STRIDENS KJERNE: Overskotsmasse skal dumpast i eit fjorddeponi. Det må gjerast fleire undersøkingar i fjorden før det eventuelt blir eit gruve-ja.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

– Ikkje akkurat blåsyre

NRK tilbaud Bård Vegar Solhjell å svare på kritikken frå Lunde. Departementet valde å la statssekretær Elin Øseth kommentere på påstandane frå Lunde om at Miljøverndepartementet har drive eit spel for å sleppe å ta ei avgjerd. Ho seier dei er positive til mineralnæringa.

– Eg meiner den mineralstategien som er lagt fram, er veldig klar på at vi er positive til mineralnæringa. Men samstundes skal vi ha strenge krav til miljøet.

Men John Helge Lunde meiner saka er godt nok utgreidd.

–Det er ikkje blåsyre vi heller ned i Førdefjorden, men stein. Det er som eg har sagt før; det er det Vår Herre driv med kvar einaste dag, vi berre hjelper han litt.