Hopp til innhold

Fryktar konsekvensane av færre ambulansestasjonar

LÆRDAL (NRK): Sogn regionråd er redde for å miste ambulansestasjonar i regionen. Lærdalsordføraren ser med uro på signala frå Helse Førde.

Jan Geir Solheim

OVERRASKA: – Vi såg ikkje dette kome i tillegg til alt det andre, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim om planane til Helse Førde om å legge ned ambulansestasjonar i fylket.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Vi har store geografiske avstandar og utfordringar når ting skjer. VI vil behalde minst det tilbodet vi har i dag, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.

Tidleg i september vart det klart at Helse Førde vurderer nedlegging av ambulansestasjonar i helseføretaket. I dag er det 21 ambulansestasjonar i fylket i tillegg kjem det båtambulansar og helikopter.

– Vi brukar mykje ressursar på beredskap i Sogn og Fjordane, og det har auka mykje dei siste åra. Vi kan ikkje kome i ein situasjon der ein brukar ein uforholdsmessig stor del på beredskap, slik at det går ut over andre tenester, sa administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad til NRK tidlegare.

Fryktar konsekvensane

Solheim vart overraska då helseføretaket varsla endringane, og meiner beredskapen må haldast oppe.

– Vi er urolege no, for dette handlar om totalen vår. I dag har vi snakka om politireform, og mykje om brann og redning før. Vi kan krisehandtering, og vi ser at eit av tilboda som gjer at folk kjenner seg trygge heime kan stå i fare, seier ordføraren.

No ber dei om eit møte med Helse Førde for å få lagt fram kva tankar dei har. For utan ambulansar i nærleiken fryktar han for konsekvensane.

– Det kan bli fatalt i dei tilfella der ting må gå fort. Det handlar om avstandar, og eg tenkjer då på hjarte og slag, då treng ein ambulanse raskt.