NRK Meny
Normal

Fryktar kjempestein skal demme opp til ny flaum

Mens eit flaumråka bygdefolk har førebudd seg på å ta imot statsministeren laurdag ettermiddag, jobbar mannskap på spreng for å eliminere nok ein flaumtrussel.

Stein ved Høgabru

KAN FUNGERE SOM EIN PROPP: Aurland kommune og NVE fryktar denne steinen skal komme i rørsle og tette eit tunnelløp i Flåmselva.

Foto: NVE

SISTE: Statsministeren kjem likevel til Sogn, men kraftig forseinka.

– Vi har folk oppe ved Høgabru oppe i Flåmsdalen. Bak brua ligg det ein jernbanefylling der vatnet går gjennom ein tunnel. Oppom denne ligg det ein stor stein i elva. Denne kan komme til å tette elveløpet og skape ein flaumsituasjon, opplyser Aurland-ordførar Noralv Distad (H).

– Den er ein risikofaktor

Noralv Distad

MANGE AKTØRAR: Ordførar Noralv Distad seier Aurland kommune samarbeider tett med NVE, Jernbaneverket og entreprenør for å få sikra Flåmsvassdraget best mogleg så raskt som råd.

Foto: NRK

Den digre steinen som ligg plassert midt ute i elva skapte redsle også då storflaumen stod på som verst tysdag. No, når vasstanden har trekt seg attende vurderer fagfolka som er på plass i området at den framleis utgjer fare for å demme opp vassdraget.

– Dette er ein risikofaktor. Så den må sprengast, fastslår ordføraren.

Mannskap frå kommunen, NVE og entreprenør er laurdag føremiddag i ferd med å få på plass utstyr for å klargjere steinen for sprenging.

– Den blir nok ikkje sprengt i dag, men ein skal få alt på plass slik at den kan sprengast bort så raskt som råd. Det er vi veldig glade for, då blir vi kvitt ein risikofaktor, seier Distad.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Kyrkja i Flåm

STORE SKADER: Slik ser det ut ved kyrkja i Flåm etter storflaumen tysdag. No gjer ein alt ein kan for å forhindre nye flaumar.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

Tek ingen sjansar

Ordføraren strekar under at den lokale beredskapsleiinga ikkje tek sjansar etter storflaumen sine herjingar i turistbygda.

– Vi har fokus på tryggleiken og må tenke framover for å rydde av vegen alt som kan representere ein fare for framtidige katastrofar.

Det er difor med lette at Distad førebels kan konstatere at dei store nedbørsmengdene som igjen er meldt inn over Vestlandet i helga, førebels har halde seg unna det flaumråka området i Indre Sogn.

– Nett no er det ikkje noko nedbør. Vi følgjer vêrmeldingane tett og sit nett no i møte med regionsjefen i NVE. Vi har heile tida oppdaterte prognosar for vêrsituasjonen, så no føler eg at vi har ein god oversikt over situasjonen. Vi håpar sterkt på lite nedbør. Vi er framleis i ein krisesituasjon og har veldig mange utsette område, understrekar ordføraren.

Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast
GILGAMESH - Kongen som nekta å døy