Leiar for sankelaga i Luster, Arne Rebni Øvreås, meiner situasjonen kan bli svært alvorleg.
– Det blir dramatisk. Vi har jo sett at dei dagane det er mogeleg å kome seg til fjells så er det sporobservasjonar etter jerv, fleire spor.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
I alt seks fellingsløyve
Direktoratet for Naturforvaltning i Trondheim har dei siste vekene gjeve to ekstraordinære løyve til jervejakt i fjellområda mellom Strynefjellet og Sognefjorden. Desse kjem i tillegg til dei fire dyra som skulle vore tekne ut gjennom lisensjakt.
Men ingen jervar har blitt skotne. Dårleg ver og dårleg sporsnø har gjort jakta vanskeleg. Dette uroar lustrabøndene.
– Bekymringa er stigande, for når det berre er dårleg ver så tek vi til å frykte at veret kan hindre uttak av jerv.
– Har ikkje gitt opp
Seniorrådgjevar i Direktoratet for Naturforvaltning, Knut Morten Vangen, meiner at styresmaktene gjer sitt ytterste for å løyse jervefloken.
– Vi har ikkje gitt opp dette området, no prøver vi å halde fram sporingsarbeidet, og vi har og greidd å fatte nye vedtak om felling når tilhøva ligg til rette for det.
Rovdyr gjorde eit stort innhogg i beiteflokkane i Sogn og Fjordane i 2011. Men av 90 søknader om erstatning kom heile 40% frå Luster. No meiner lustrabøndene at styresmaktene må fjerne rovdyra i tråd med rovdyrforliket i Stortinget.
– Rovdyrforliket seier rett ut at i beiteprioriterte område skal det ikkje vere skadegjerande rovdyr, så då må dei takast ut dei som er her, alle saman.