Fryktar innspel om tunnel er vekke

Fiskarane fryktar vesentlege innspel til regjeringa ikkje kjem med i prosessen rundt Stad skipstunnel.

Stad skipstunnel, Kjødepollen - illustrasjon

UTGREIDD MANGE GONGER: Den siste utgreiinga om Stad skipstunnel er venta ferdig til sommaren.

Foto: NORDWEST3D

Eksterne konsulentselskap er no i gang med å kvalitetsikre den siste av alle utgreiingane om skipstunnelen og har i går og i dag vore på vitjing i Selje og Måløy.

Nils Myklebust

FRYKTAR INNSPEL HAR FORSVUNNE: Fiskebåtskippar Nils Myklebust seier at ingen simulator klarer å forutsjå sjøen ved Stad.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Men fiskarane fekk seg ein støkk då dei oppdaga at viktige opplysningar var vekke.

– Det er ingen simulator i verda som klarer å forutsjå sjøen ved Stad, seier fiskebåtskippar Nils Myklebust.

Han sit framfor tre menn og ei kvinne i eit lite møterom på sikkerhetsenteret i Deknepollen i Vågsøy.

Skal kvalitetssikre utgreiinga

Forkjemparar for Stad skipstunnel veit at desse personane er viktigare enn dei fleste no. Eksterne konsulentar har fått i oppdrag å kvalitetsikre den siste utgreiinga i rekka for eller mot tunnelen.

Deira tilråding og kva tal dei vil å putte inn i dei reknestykka, kan verte avgjerande når regjeringa skal seie ja eller nei til tunnelen.

– Vi skal ikkje ta avgjerda

Jan Høegh

- UAVHENGIGE: Jan Høeg seier dei skal gi råd til regjeringa og at dei er heilt uavhengige.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Partner i Holthe Consulting, Jan Høegh, seier deira jobb er å gi råd til regjeringa og forsikrar at dei er heilt uavhengige. Han stadfestar at det er ein omfattande jobb å setje seg inn i alle detaljane.

– Det er alltid ei makt i ei utgreiing, men dette er ikkje den første og mange folk har vore involverte. Det er ikkje opp til oss å komme med ei avgjerd. Vi skal levere ein rapport som blir eit delgrunnlag for regjeringa, så er det opp til den å ta si avgjerd.

Fangsten blir forringa

Men fiskarane vart også skuffa i møtet med konsulentane i dag. Innsendte brev har nemleg så langt ikkje nådd fram til konsulentane via departementet.

Fiskarane slit med forringelse av fangsten når dei må passere Stad i dårleg ver for å levere fisken. Dei har rekna ut kor mykje verditapa utgjer, men tala har ikkje nådd fram.

Rysta over at papir er vekke

Stad skipstunnel har sidan 1980-talet blitt utgreidd 17 gonger utan at nokon regjering har klart å ta ei avgjerd. Dagens regjering har sidan 2005 bede om to forskjellige utgreiingar frå Kystverket, den fyste var positiv, den andre gav ei negativ tilråding.

Etter vel ein time er møtet med fiskarane over. I korridoren etter møtet er Fiskarlaget berre måteleg nøgde. Nils Myklebust er rysta over at viktige papir så langt ikkje har nådd fram til konsulentane, sjølv om dei forsikrar at dei endå er svært tidleg i prosessen.

– Det er betenkeleg at dei ikkje er kjende med dei kvalitetssikra tala. Då får fiskarlaget sende dei inn på nytt.

Meiner tilliteten er tynnsliten

Også leiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, Jarl Magne Silden, er frustrert over at hardt arbeid med å sende innspel til styresmaktene kanskje ikkje når fram.

– Tilliten har byrja å bli litt tynnsliten etterkvart. Vi spør oss om det er noko med viljen som manglar, seier han.

Konsulentane ventar å vere ferdige med rapporten til sommaren, deretter skal regjeringa ta ei avgjerd.

LES OGSÅ: Stad skipstunnel i det blå