Hopp til innhold

Fryktar ingen lærte av bussulykka

For snart eit år sidan mista ho dottera si i busskollisjonen i Fardal, der sjåføren blei dømt for aktlaust bildrap. No reagerer mora på at det same busselskapet igjen, ifølgje fleire augevitne, køyrer uforsvarleg på norske vegar.

For snart eit år sidan mista ho dottera si, i busskollisjonen i Fardal - der sjåføren blei dømt for aktlaust bildrap. No reagerer mora på at det same busselskapet igjen, i følgje fleire augevitne, køyrer uforsvarleg på norske vegar.

SJÅ TV-REPORTASJE: Mette Eidslott og familien er opprørte over at ein buss frå svenske Bergkvarabuss igjen er i hardt vêr. Onsdag skal denne bussen ifølgje vitne ha tatt ei rekkje farlege forbikøyringar. Foto: Tyssing/Rekkedal. Redigering: Rekkedal

I går ringde eldstedottera mi. Ho ringte meg fordi ho var redd. Ho fekk ein spontanreaksjon på at sambuaren hennar sat i den tunnelen i bil når denne bussjåføren passerte dei. Dei var oppskjørta.

Mette Eidslott

– Slike val som bussjåføren tok, det er ikkje anna enn fullstendig galskap. Det er respektlaust overfor folk og liv du fraktar. Det er respektlaust i høve til folk rundt ein, seier Mette Eidslott.

Ho er mor til 24 år gamle Karoline Eidslott-Svinø frå Ålesund, som omkom i bussulykka på riksveg 55 ved Fardal i Sogndal i august i fjor. Også ei taiwansk kvinne omkom, mens to andre vart hardt skadde då ein svensk turistbuss og ein norsk rutebuss kolliderte.

Sjåføren av den svenske bussen vart i tingretten dømd til fem månader i fengsel for aktlaust bildrap for å ha komme over på feil side. Anken vart nyleg avslått.

Sjokkerte vitne såg bussen køyre forbi eit titals bilar

Onsdag la ein fullasta svensk turistbuss frå Bergkvara, det same busselskapet, seg ut og køyrde forbi eit titals bilar frå ferjekaia på Fodnes og inn i Fodnestunnelen mot Lærdal sentrum.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Buss Bergkvara

KØYRDE FORBI: Bussen frå Bergkvaraskal ha lagt seg ut og køyrt forbi mellom 10 og 15 bilar frå ferja og gjennom Fodnestunnelen.

Foto: Privat

Fleire vitne var nærast i sjokk etter det som skjedde. Ein brannmann frå Indre Sogn tok bilete av bussen, og fortel til NRK kva han opplevde:

– Vi køyrde av ferja som normalt, vi var to bilar som køyrde i lag. Då eg var komen godt inn i tunnelen, så såg eg brått ein buss som hadde lagt seg ut og var på veg forbi. Då hadde eg fleire bilar bak meg også. Etter kvart hadde bussen køyrt forbi mesteparten av ferjekøen, ein stad mellom ti og femten bilar. Bussen hadde byrja å køyre forbi bilar med ein gong den køyrde ut av ferja, fortel mannen, som var på veg austover saman med familien, til NRK.

Fleire andre NRK har snakka med karakteriserer bussen si åtferd som uforsvarleg og livsfarleg.

Svigersonen sat i køen

I ferjekøen gjennom tunnelen sat også svigerson til Mette Eidslott. For familien var det som å gjennoppleve 12. august i fjor.

To bussar frontkolliderte ved Fardal i Sogn

FATAL ULUKKE: Ein norsk rutebuss og ein svensk turbuss kolliderte ved Fardal i Sogndal 12. august i fjor. Ei kvinne i kvar av bussane omkom.

Foto: Christian Blom / NRK

– I går ringde eldstedottera mi. Ho ringde meg fordi ho var redd. Ho fekk ein spontanreaksjon på at sambuaren hennar sat i bil i den tunnelen når denne bussjåføren passerte dei. Dei var oppskjørta og det var jo eigentleg flaks at det gjekk bra, fortel Eidslott.

I bilen saman med Eidslott sin svigerson sat kollegaen Atle Ganderudbakken.

– Opp på sida av oss kom det ein kvit buss med blå skrift. Det å køyre forbi så mange privatbilar i ein stor buss, oppfatta vi som ein farleg situasjon, seier Ganderudbakken til NRK.no.

Atle Ganderudbakken

VITNE: Atle Ganderudbakken køyrde i Fodnestunnelen på rv 5 onsdag. Han meiner turistbussen køyrde uforsvarleg.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

For Eidslott som var heime i Ålesund, var det sterkt å høyre om episoden i Indre Sogn.

– Dottera mi såg føre seg kva som kunne ha skjedd. Ho gret og var veldig fortvila. Då kjenner du at noko skje inni deg. Du blir forferdeleg opprørt, og du er rett tilbake til dei opplevingane vi hadde. Reaksjonen kom. Og sinnet, seier ho stille.

Familien unner ingen å oppleve det dei har vore gjennom det siste året. Mette Eidslott kjenner på saknet kvar einaste dag.

– Eg har hatt det forferdeleg tungt. Ingenting av det du elles opplever i livet kan samanliknast med det å miste eit barn. Noko fundamentalt er borte. Det gjer noko med den genuine livsgleda. Den spontane gleda som vi hadde. Den lever ikkje som før. Eg er blitt veldig redd for mine. Det er vi alle, men eg har fått ei veldig redsle for kva som kan skje.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Minnebok

MINNEBOK: Karoline Eidslott-Svinø omkom i bussulykka i Fardal i fjor. Nokre av minna etter den livsglade jenta er samla i denne fotominneboka.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Har skrive brev til busselskapet

Difor reagerte ho også så sterkt når ho fekk høyre at det ein buss frå same firma som køyrde uforsvarleg i Sogn. Eidslott har no skrive eit ope brev til det svenske busselskapet Bergkvara.

– Eg reagerer veldig på det. Eg veit dette er ei trafikkåre som er tungt trafikkert, særleg sommarstid med turisttrafikken. Eg blir provosert når eg les måten busselskapet forsvarer seg på. At dei viser til at dei vektlegg tryggleik i trafikken, og at sjåføren var erfaren og vand med norske vegar. Oppførselen viser det stikk motsette.

Mette Eidslott

KREV AT DET FÅR FØLGJER: Mette Eidslott har skrive brev til det svenske busselskapet. Ho etterlyser tiltak for å luke bort det ho kallar uansvarlege sjåførar.

Foto: Alf-Jørgen TYssing / NRK

– Korleis lukar det bort slik oppførsel? Tenk om det hadde skjedd noko i tunnelen. Tenk kva konsekvensar det kunne fått. Korleis kan bussjåføren forsvare ein slik framferd? Det er for meg heilt ubegripeleg. Dei risikerer så mange liv.

No meiner Eidslott det svenske selskapet må lære av feila sine.

– Eg etterlyser kvar dei gjer. Kva tiltak set dei inn mot slike sjåførar? Skal dei i det heile tatt ha lov til å vere på vegen og ha ansvar for passasjertransport? Eg finn det heilt urimeleg.

Sjåføren nektar grisekøyring

Administrerande direktør Göran Mellström i Bergkvarabuss vil ikkje la seg intervjue, men i ein epost til NRK.no torsdag slo han fast at dei ser svært alvorleg på påstandane om at ein av deira bussar skal ha køyrt forbi 10–15 personbilar.

– Slik køyring er sjølvsagt heilt uakseptabel. Vi har kome i kontakt med sjåføren, og han nektar for påstandane og hevdar at han ikkje har gjennomført forbikøyringar i tunnelen, skriv Mellström.

Buss frå Bergkvara

SVINGA AV: Etter nokre få mil langs E16 i Lærdalsdalen, svinga bussen av til Borgund stavkyrkje.

Foto: Privat

Han skriv vidare at sjåføren skal vere svært erfaren og vand med vegtilhøva i Norge. Direktøren i Bergkvarabuss vil kontakte sjåføren igjen seinare i dag for å få ei nærare forklaring på det som skal ha skjedd.

– Vi legg stor vekt på at våre sjåførar alltid følgjer gjeldande trafikkreglar. Sikkerheit er vår høgaste prioritet, og dei skal køyre varsamt. Dette er bodskap vi formidlar dagleg. Ingen unødige riskar skal takast nokosinne, særleg ikkje i Norge med dei smale vegbanene, skriv Mellström.

NRK.no har gjentekne gonger freista å få Berkvarabuss til å kommentere kritikken som kjem frå familien Eidslott, utan å lykkast.

Mette Eidslott er på si side skuffa over busselskapet sin reaksjon på den påståtte grisekøyringa.

– Det er ikkje tvil om at bussen gjorde denne forbikøyringa. Og selskapet har forsvart sjåføren. Sjåføren burde erkjent at han gjorde noko dumt. Eg etterlyser konsekvensane. Kva slags tiltak set dei inn for å unngå at dette skjer igjen? spør ho.

Vitne kontakta politiet etter å ha sett bussen ta forbikøyringar onsdag. Hendinga er loggført, og regionlensmannen i Indre Sogn vurderer om saka skal etterforskast.