Adm dir Jon Bolstad Arkivfoto Steinar Lote NRK
Det er aksjonsgruppa for Nordfjord sjukehus som står bak ideen om eit aksjeselskap med stat, fylke, kommune og private personar. Grunnen er frykta for å stå igjen utan sjukehus i Nordfjord.
Jon Bolstad seier at eit privat sjukehus kan vere eit godt supplement dersom det leverer nisjeprodukt. Men dersom tanken er at det skal vere eit fullverdig lokalsjukehus, bør initiativtakarane tenke annleis. Det krev mykje å drive eit fullverdig sjukehus, seier han.