Hopp til innhold

Fryktar ikkje å miste investor

Adm.dir. i Nordic Mining, Ivar Fossum, trur førebels ikkje at det er grunn til å frykte at dei mistar ein av sine største aksjonærar, Citibank, det skriv Firda. Citigroup, som Citibank er ein del av, har varsla at dei ikkje lenger vil finansiere nye gruveprosjekt som dumpar gruveavfall i sjø. Nordic Mining sitt gruveprosjekt i Engebøfjellet i Naustdal er omstridd fordi dei skal deponere gruveavfall i Førdefjorden.

Ivar Fossum i Nordic Mining
Foto: Oddmund Haugen / NRK