NRK Meny
Normal

Fryktar ho skal miste jobben etter tunnelstenging

Stenginga av Gudvangatunnelen etter bussbrannen denne veka får store konsekvensar for ein liten familie på tre frå Gudvangen.

Marie Candito, Brynhild og Roger Stalheim

FRYKTAR FOR JOBBEN: Marie Candito, Brynhild (3) og Roger Stalheim.

Foto: Privat

– Eg fryktar at eg no skal miste den nye jobben eg akkurat har byrja i, seier Marie Candito

Problemet til Marie og mannen Roger Stalheim er at dei bur i Gudvangen, men jobbar begge i Flåm. Etter at tunnelen vart stengd er den alternative reiseruta med båt, og det tar mange timar.

Kan bli stengd lenge

Statens vegvesen har antyda at tunnelen kan bli stengd i minst seks veker , det var så lenge tunnelen var stengd etter brannen for to år sidan. Så lenge kan ikkje Marie vere heime for å passe veslejenta utan å gå på jobb.

– Jobben min har skaffa med ein stad å bu i Flåm mellombels, men problemet er at vi ikkje får barnehageplass til Brynhild på tre år, og då er vi like langt.

– Men har du prøvd det private?

– Ja, vi har prøvd private barnehagar også, men ingen har plass. Dermed blir det vanskeleg for oss som ikkje har slektningar her som kan hjelpe oss.

Lovar å ordne opp

– Dette lovar eg å tak i det første eg gjer nå eg kjem på jobb i morgon, seier ordførar Noralv Distad.

I Aurland kommune har dei no fullt fokus på å at konsekvensane av tunnelstenginga skal bli så små som mogleg for dei som blir råka.

Gudvangatunnelen ligg på E16 og er hovudåra mellom aust og vest, stenginga av tunnelen skapar store problem for aust vest trafikken, for turistnæringa , og ikkje minst for familiar som Marie Candito, Roger Stalheim og vesle Brynhild.

Noralv Distad

LOVAR Å ORDNE OPP: Ordførar i Aurland, Noralv Distad (H).

Foto: Jørgen Eide / NRK

Det eg er oppteken av er at brannen i Gudvangatunnelen ikkje skal få slike konsekvensar at folk skal miste jobben, eller andre uheldige ting skal skje. Så dette skal eg ta tak i, seier Distad.

– Ja, kan du på ståande fot love at familien skal barnehageplass dei vekene som tunnelen blir stengd?

– Eg kan ikkje love det på ståande fot, men når nokon treng barnehageplass i Aurland så skal dei få det umiddelbart. Ein får kanskje ikkje alt på plass på dagen, men vår intensjon er at ingen av våre innbyggarar skal lide nokon skade på grunn av det som har skjedde.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.