Hopp til innhold

«Den har nok prøvd å kome seg vekk frå brann og røyk, og ikkje klart det»

I det avsvidde skogområdet i Vågsøy fann brannvesenet ein død hjortekalv. Brannsjefen håpar synet kan få folk til å tenkje seg om ein ekstra gong når skogbrannfaren er så stor.

Hjortekalv funnen midt i området der det brann i Holvik i Vågsøy

SVIDD I OMRÅDA RUNDT: Hjortekalven hadde ikkje brannskadar, men området rundt den er svidd av i skogbrannen. Brannsjefen understrekar at dei ikkje kan vere 100 prosent sikre på at den har døydd som følgje av brannen, men reknar det som svært sannsynleg.

Foto: Vågsøy brann og redning

– Kalven har nok vore i skogen når det har brunne, og så har den prøvd å kome seg vekk frå brann og røyk, og ikkje klart det, seier varabrannsjef John-Inge Henden i Vågsøy brannvesen.

Sist søndag kjempa brannvesenet i Vågsøy ein timelang kamp for å få kontroll på skogbrannen ved Holvik. Brannen skal ha byrja i høgspentmaster, og i det tørre terrenget fatna det fort.

Dagen etter at det brann gjekk brannvesenet over området. På eit av dei høgaste punkta i skogen fann dei den døde kalven.

– Kalven var ikkje svidd, og har truleg døydd av varme eller røyk. Dette er ein av konsekvensane av ein skogbrann, for blant dyra vil det bli tap, seier Henden.

Brannvesenet måler temperaturar i bakken med varmesøkande kamera

MÅLER TEMPERATUREN: – Vi må halde området under oppsikt både i morgon og måndag for å vere sikre på at temperaturen er på eit akseptabelt nivå, seier John-Inge Henden. Her måler ein av brannmennene temperaturen i bakken med eit varmesøkande kamera.

Foto: Kriken, Vågsøy brann og redning

Det må mykje regn til

Det er ekstremt høg skogbrannfare i Sør-Norge, og heller ikkje den komande veka er det meldt regnvêr i store nok mengder til at situasjonen vil endre seg. Meteorologisk institutt melder at det skal veldig lite til før det byrjar brenne i vegetasjonen, og at veldig store område kan bli råka.

I heile Sør-Norge følgjer beredskapsetatane situasjonen tett, og fleire stader har brannvesenet lagt ned totalforbod mot all bruk av open eld. I Telemark og Vestfold vurderer dei å stenge alle skogsbilvegar for å unngå at folk fyrer bål eller røyker i knusktørt terreng.

Håpar folk tek alvoret innover seg

I Vågsøy jobbar dei framleis med å få ned temperaturen i bakken i brannområdet, snart ei veke etter at den vart sløkt. Seinast torsdag vart det målt 250 grader i jorda fleire stader i området. I praksis vil det seie at brannen ulma under overflata, og det vart dumpa minst 80.000 liter vatn over området frå helikopter for å bløyte opp jorda.

Laurdag har Henden hatt folk i området for å måle temperaturen på ny.

– No er vi nede i ein temperatur på mellom 40 og 50 grader på det meste. Det er vi nøgde med.

Henden håpar folk har fornuft til å forstå at det kan få dramatiske konsekvensar om det byrjar brenne. Han håpar difor folk respekterer forboda mot grilling og open eld.

– Byrjar det å brenne no, så har vi det gåande igjen, seier han.

Brann i Holvik

SKOGBRANNHELIKOPTER: Både torsdag og fredag var eit skogbrannhelikopter i arbeid for å dynke området ved Holvik i Vågsøy med store mengder vatn.

Foto: NRK-tipsar

Politiet: Folk må respektere brannfaren

Også politiet følgjer situasjonen tett. I Vest politidistrikt har operasjonsleiar Frode Kolltveit inntrykk av at dei aller fleste forstår at dei må rette seg etter dei førebyggjande tiltaka som er sett i verk.

– Det er viktig at folk respekterer dette av mange grunnar. Ein ting er kostnadane dette kan føre til, med store skader. Også tilgang til plassane der det brenn er eit element i dette, då det i mange tilfelle ikkje er køyreveg fram til brannstaden, som gjer at sløkkjearbeidet blir vanskeleg.

Både Spar og Joker har valt å stoppe sal av eingongsgrillar, men brannvesenet fleire stader fortel at dei opplever at folk har lite respekt for totalforbodet mot open eld.

Kolltveit har ei enkel oppmoding:

– Eg håpar folk er så fornuftige at dei forstår at dette kan medføre stor fare.