Hopp til innhold

Fryktar gutegjeng brukte kinaputtar til dyreplageri

Stjerneskot, kinaputtar og brent parfyme. – Dette var utstyret ein gutegjeng brukte for å plage dyr, meiner Lena Christin Birkeland Gjerde.

Utstyr etter gutegjeng

UTSTYRET PÅ BEITA: Dette låg att på beita til hestane etter at ein gutegjeng var der.

Foto: Lena Christin Bikrelid Gjerde

– Vi sat ute i solveggen. Plutseleg kjem den eine hesten i vill galopp ned den bratte beita. Vi trudde hesten hadde mykje energi, men så kjem resten av flokken etter, seier Birkeland Gjerde som er fôrryttar.

Hestane på Vie Gard i Førde var tydleg skremde. Høg latter frå beita gjorde at ho fatta mistanke.

– Vi såg at det stod ein gjeng med fire gutar på toppen av beita. Vi gjekk opp for å prate med gutane, men då berre sprang dei vekk.

Synet som møtte fôrryttaren og Toril Øvrebø var kinaputtar, stjerneskot, fyrstikker og sprengte parfymeboksar. Brukt for å skremme hestane, meiner Birkeland Gjerde.

– Dette er dyreplageri på verste måte. Rett og slett farleg og uakseptabelt, rasar ho.

Ho vil melde saka til politiet

Birkelid Gjerde er glad for at det heile ikkje enda verre.

Lena

SKAL MELDE SAKA TIL POLITIET: Fôrryttar Lena Christin Birkelid Gjerde har meld saka vidare til politiet.

Foto: PRIVAT

– Hestane kunne brekt beina i den farten som dei kom i, eller dei kunne ete av det som gutane hadde lagt frå seg. Dette er heilt uakseptabelt, seier ho.

Kvifor er de sikre på at dette var brukt for å plage hestane?

– Eg trur dette var ganske bevisst frå gutane. Dei har klatra over både eit gjerde og ei grind for å komme til hestane.

Seinare på kvelden var gutegjengen tilbake att.

– Ei flokk med seks sauar kom springande ned, då såg eg gutane var på beita igjen. Eg ropte til dei, men dei sprang vekk, seier Birkelid Gjerde.

Saka er no meldt til politiet, og hestane er inne i stallen for natta.

– Nokre av hestane er varme i beina, noko som tyder på at dei har vondt. Dette er barnsleg oppførsel av gutane som førar til liding hjå dyra, avsluttar ho.

Ved politiet sin operasjonssentral i Florø har dei blitt orientert om saka.

– Er det nokon som veit noko om dette, eller som veit kven desse gutane er, så vil vi veldig gjerne ha tips, seier operasjonsleiar Marianne Føleide.

Laster Twitter-innhold